Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

I møte med nye truslar: amerikansk cybertryggleik

Cybertryggleik og cyberforsvar er område som stadig får større merksemd, men det er framleis store utfordringar til korleis eit land skal klare å handtere ein slik trussel. Victor Piotrowski og Ralph Wachter kjem til NUPI for å dele erfaringane sine rundt USAs cybertryggleik og strategien landa brukar.
09 oktober 2017
12:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Cyber
  • Nord-Amerika
  • Engelsk

USA blir rekna som det mest sofistikerte landet i verda når det gjeld cybertryggleik og cyberforsvar. Men også her ventar stadig nye truslar og utfordringar.

Victor Piotrowski og Ralph Wachter vil på dette arrangementet gi eit overblikk på USAs strategi for cybertryggleik og dens gjennomføring – ein strategi som har strekt seg over fire presidentskap, og som inkluderer den noverande presidentordren for cybertryggleik (Executive Order on Cybersecurity).

Piotrowski er seniorekspert på amerikansk cybertryggleik. Han er programdirektør ved CyberCorps (SFS) og ved Secure and Thrustworthy Cyberspace (SaTC). Han har også hatt fleire leiande posisjonar i den amerikanske regjeringa på område som er relaterte til cybertryggleik og utdanning.

Wachter er programdirektør for Division of Computer and Networks Systems ved National Science Foundation og har tidlegare arbeidd med blant anna datatryggleik ved Office for Naval Research. Han har ein Ph. D avdeling for matematikk ved John Hopkins University.

Ordstyrar er NUPI-forskar Lilly Pijnenburg Müller.

Talere

Victor Piotrowski
programdirektør ved CyberCorps (SFS) og ved Secure and Thrustworthy Cyberspace (SaTC)
Ralph Wachter
programdirektør, National Science Foundation

Møteleder

Lilly Pijnenburg Muller
Tidligere ansatt
09 oktober 2017
12:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Cyber
  • Nord-Amerika
  • Engelsk