Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Global styring av cyberspace - moglegheiter og utfordringar

Kva er dei viktigaste og mest akutte globale utfordringane når det gjeld cyberspace? I kva grad kan normer og politikk bidra til ansvarleg statslig og ikkje-statleg åtferd i cyberspace? Korleis kan det internasjonale samfunnet bidra til auka cyberstabilitet? Og kva for nokre internasjonale arenaer er best eigna til å handtere desse spørsmåla?
07 desember 2017
10:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Cyber
  • Europa
  • Engelsk

Marina Kaljurand, leiar for Global Commission on the Stability of Cyberspace og tidlegare utanriksminister for Estland (2015-2016) besøkjer NUPI for å klargjere desse spørsmåla.

Cybertryggleik har blitt ein integrert del av nasjonal, regional og global tryggleik og målet for dette seminaret er derfor å introdusere og reflektere rundt diskusjonar som finn stad i ulike internasjonale forum, inkludert i FN (UN GGE), OSCE, NATO og EU. Kaljurand vil særleg leggje vekt på bruken av internasjonal lov i cyberspace og normer for ansvarleg statleg åtferd, nye truslar, sjølvtillitsbyggjande tiltak og kapasitetsbygging.

Høyr seminaret med Kaljurand som NUPI podkast:

Estland var i 2007 det første landet i verda som blei offer for politisk motiverte cyberangrep. Dei som stod bak angrepet prøvde å påverke estisk innanrikspolitikk, og dessutan forstyrre e-tenesta og andre deler av samfunnet. Estland lærte av dette, og spørsmåla som blei stilte i etterkant av angrepet er framleis aktuelle i 2017, inkludert den rolla styresmakter bør ha i arbeidet med cybertryggleik og mottiltak.

Ordstyrar for arrangementet er seniorforskar og leiar for NUPIs Cyber Security Centre Niels Nagelhus Schia.

Taler

Marina Kaljurand
leder for Global Commission on the Stability of Cyberspace
07 desember 2017
10:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Cyber
  • Europa
  • Engelsk