Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Frukostseminar: Landsmakta i framtida – kva skal ho forsvare og korleis skal ho gjere det?

Leiar for Landmaktutredningen, brigadar Aril Brandvik, gjestar NUPI for å gjere greie for funnet til utgreiinga så langt.
15 mai 2017
08:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • Norsk

OBS!: Bygget opnar ikkje før 08.00

Den pågåande utgreiinga av landsmakta i framtida, Landmaktutredningen, har som mandat å sjå på korleis den tryggingspolitiske utviklinga i nærområda våre, og dessutan utviklinga av kapasitetar hos potensielle motstandarar, påverkar landsmakta.

Spørsmålet er om dagens landsmakt er optimalt tilpassa for å møte heile spekteret av moderne truslar med den reaksjonsevna og mobilitet som er nødvendig. Døme på slike moderne truslar kan vere nye langtrekkjande presisjonsvåpen, hybride verkemiddel, og urban krigføring.

På dette seminaret vil leiar for utgreiinga, Brigader Aril Brandvik, fortelje om funnet til utgreiinga så langt. Han forklarer kva trusselscenarium som har blitt lagt til grunn, og kva militærteoretiske konsept dei har vurdert som respons til dette.

  • Ståle Ulriksen (Sjøkrigsskolen og NUPI) vil kommentere på trusselscenaria
  • Ståle Ulriksen (Sjøkrigsskolen og NUPI) vil kommentere på trusselscenaria
  • Ordstyrar: Karsten Friis, NUPI

Seminaret ønskjer med dette også å initiere ein breiare debatt om Forsvarets generelle innretning mot det nye trusselbiletet. Noreg har ikkje oppdatert det strategiske konseptet sitt sidan 2009, og den fellesoperative doktrinen frå 2014 kom ut før Russland annekterte Krim. Det er derfor behov for ein meir overordna debatt om Forsvarets rolle og innretning i ei meir usikker tid.

Vi serverer frukost frå klokka 08.00, og startar seminaret 08.30.

Arrangementet blir også live strøymt på YouTube-kanalen vår:

Talere

Aril Brandvik
brigader, Forsvaret
Palle Ydstebø
Oberstløytnant, Forsvarets Høgskole
15 mai 2017
08:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • Norsk