Arrangement
Cyber som ein strategisk dimensjon i den nasjonale tryggleiken – eit israelsk perspektiv
18. august kjem dr. brigadar (retired) Ephraim Lapid til NUPI. Israel er kjent for å ha investert mykje i tryggleiks- og cyberkrigføring som ein integrert del av militæret og som forsvarsstrategi. Lapid vil dele erfaringa si frå det israelske etterretningsmilitæret. Han understrekar at det er mange grunnar til kvifor cyber er ei stor utfordring når det gjeld tryggleik og vern. Ein stor del av cyberangrep er strategiske angrep – skaden skjer mot dei mest sensitive tryggingsorganisasjonane og dei vitale infrastrukturane i landet. Cyber let angriparane gå etter mål utan å vere nær dei fysisk, og utan behovet for å forsvare seg mot eit motangrep. Eit cyberangrep som blir planlagt med dei rette hjelpemidla kan forstyrre eit mellomstatleg system ved å påverke både sivile og militære systems funksjonalitet samtidig.
Dr. brig. (r) Ephraim Lapid har omfattande og variert erfaring frå militæret og det offentlege, og han har ei doktorgrad i statsvitskap. I løpet av den lange karrieren sin i militæret har Lapid vore senioroffiser i det israelske etterretningsmilitæret, ein talsmann for det israelske forsvaret, og seniorinstruktør ved National Defence College. Lapid har erfaring både frå offentleg og privat sektor.
Ordstyrar er seniorrådgivar på NUPI Karsten Friis.
Seminaret blir strøymt på YouTube: