Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Skattjakt-konferansen 2016

Kva konsekvensar har ulovleg kapitalflukt for utviklingsland? Kva blir gjort for å hindre multinasjonale selskaps unndraging av skatt? Kor stor betydning har skatteparadis for ulovleg kapitalflukt?
20 november 2016
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Bergen
Seminar

Temaer

  • Internasjonal økonomi
  • Økonomisk vekst
  • Afrika
  • Internasjonale organisasjoner
  • Engelsk

Årets Skattjakt-konferanse, Lifting the Veil of Secrecy: Tax Havens, Capital Flows and Developing Countries, finn stad i Bergen 21.-22. november 2016.

Her møtest leiande forskarar, gravejournalistar og andre ekspertar for å diskutere og presentere den nyaste forskinga på skatteparadis, kapitalflukt, og dei utfordringane dette medfører for utviklingsland.

Årleg forsvinn det ut meir pengar via ulovleg kapitalflukt frå utviklingsland enn det dei samla får i bistand. Auka skatteinntekter kunne vore med på å finansiere utbygging av infrastruktur, betre helsetenester og utdanning til innbyggjarane. Samtidig utgjer bruken til eliten av skatteparadis eit demokratisk problem; Kva skjer med viljen i eit land til å betale skatt når dei rikaste unngår ansvaret sitt? Og kva kan gjerast lokalt for å forhindre ulovleg kapitalflukt? Kva blir gjort internasjonalt og vil OECDs BEPS-prosjekt føre til resultat for utviklingsland?

Desse problemstillingane og fleire vil Skattjakt-konferansen 2016 ta for seg. Konferansen er organisert av Chr. Michelsens Institutt, Noregs Handelhøyskole (NHH), i samarbeid med Tax Justice Network - Noreg. Støtte frå TaxCapDev nettverket og Forskingsrådet. 

Fullt program for konferansen

Konferansen er no fullbooka. For å registrere deg på ventelista, vennlegast kontakt Anneliv.Scrase@snf.no.

20 november 2016
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Bergen
Seminar

Temaer

  • Internasjonal økonomi
  • Økonomisk vekst
  • Afrika
  • Internasjonale organisasjoner
  • Engelsk