Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Nordiske lands forhold til Kina: Kva kan vi lære av naboane?

Dette seminaret markerer utgivinga av «Internasjonal Politikk» nr. 3, som har forholdet i dei nordiske landa til Kina som tema.
19 september 2016
13:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Diplomati
  • Asia
  • Engelsk

Kina satsar tungt på julenisse-turisme i Finland, gir pandaer i presang til Danmark, underteiknar ein historisk frihandelsavtale med Island, har påført Noreg ein av sine største diplomatiske hovudverkar på lang tid, og kjøper opp Volvo mens kinesarane dyttar i seg svenske kjøttbollar på eit dusin IKEA-butikkar. Folkerepublikken Kinas nye rolle i verda er eit av dei utanrikspolitiske utviklingstrekka med størst ringverknader dei siste tiåra, også for dei nordiske landa.

Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige deler ei rekkje politiske, økonomiske og kulturelle fellestrekk. Dei har også til felles ein heil del interesser og utfordringar i forholdet til den veksande stormakta i aust. På denne bakgrunnen har ein i alle dei nordiske landa kunna sjå dei same debattane gå føre seg; over korleis ein best mogleg kan utnytte dei moglegheitene den kinesiske veksten gir, og korleis ein skal kunne handtere dei dilemmaa som oppstår i skjeringspunktet mellom økonomiske interesser og politiske verdiar i relasjonane med ei økonomisk supermakt utanfor den demokratiske sfæren. Desse debattane har gått føre seg med ulik intensitet og lokalt fokus i dei ulike landa, men langs dei same grunnleggjande linjene. Likevel har det til dags dato vore overraskande lite merksemd i kvart enkelt land rundt korleis eins nordiske naboar har handtert dei same utfordringane.

På dette seminaret søkjer vi å ta ein titt over skigarden, ved å la framståande Kina-ekspertar frå dei ulike nordiske landa presentere eit utsnitt av sitt lands forhold til Kina, utviklingstrekk og utfordringar, og korleis dette relaterer til det breiare biletet av nordiske Kina-relasjonar.

Program (preliminary):

Introduksjon av IP nr. 3: Kristin M. Haugevik og Julie Wilhelmsen

Introduksjon av fokusspalta Norden-Kina: Bjørnar Sverdrup Thygesson

Presentasjon av Kina-forholdet i dei ulike nordiske landa.

Danmark-Kina: Andreas Bøje Forsby

Noreg-Kina: Bjørnar Sverdrup-Thygeson

Island-Kina: Marc Lanteigne

Finland Kina: Jyrki Kallio

– Kommentarar frå Jo Inge Bekkevold, diskusjon med panel

– Spørsmål frå salen

Følg seminaret direkte på YouTube

Hovedtalere

Kristin Haugevik
Forskningssjef, Forsker 1
Julie Wilhelmsen
Forsker 1
Bjørnar Sverdrup-Thygeson
Tidligere ansatt
Jyrki Kallio
Seniorforsker, Finsk utennrikspolitisk instituttt
Andreas Bøje Forsby
Forsker, Utenrikspolitikk og Diplomati, DIIS
Marc Lanteigne
Tidligere ansatt
Jo Inge Bekkevold
Seniorrådgiver, IFS
19 september 2016
13:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Diplomati
  • Asia
  • Engelsk