Arrangement
Lansering av Verdsbankens utviklingsrapport 2016
World Development Report 2016: Digital Dividends (WDR 2016) er eit flaggskip blant Verdsbankens årsrapportar. Sjølv om tema for rapporten er teknologi, er den skrevtet ut frå eit utviklingsøkonomisk perspektiv. Rapporten dokumenterer mange interessante døme på at Internet, mobiltelefonar og anna digitalteknologisk utstyr har gitt digitalt utbytte som auka vekst, fleire moglegheiter og betre service. Men desse nyvinningane har likevel i nokon samanheng komme til kort. Det er dei dei rike, mektige og mest kompetente som i størst grad har vore i stand til å utnytte den digitale revolusjonen.
Etter lanseringa i Washington DC 14. januar, 2016 blir rapporten presentert ved ei rekkje arrangement, nasjonalt og internasjonalt, også i Oslo. Gruppa frå Verdsbanken som forfattetet rapporten vil gi ei oversikt over hovefunnene og diskutere korleis ulike land kan oppnå økonomiske og sosiale fordelar gjennom digital teknologi og tilgang til internett.
Tilgang til internett er ein føresetnad for å utnytte fordelane ved digital teknologi. Men auka bruk av digital teknologi er ikkje nok. WDR 2016 argumenterer for at det i tillegg er nødvendig også med samordna analoge forbetringar. Det må lagast eit regelverk som sikrar konkurranse i næringslivet, moglegheiter for å sjekke at regelverket blir følgt og tilpassing av kompetansen til dei tilsette til kravet frå den nye økonomien. Rapporten kan lastast ned frå: www.worldbank.org/wdr2016
Program 10:00– ca. 12:00:
Innleiing: tbc
Verdsbanken: Uwe Deichmann, co-Director of WDR 2016
Kommentarar:
Norad: Liv Marte Nordhaug, Seniorrådgivar (NORAD) og Haitham El-noush, Seniorrådgivar (NORAD
Opera Software: CTO Håkon Wium Lie
Telenor: Elisabeth Biering, Director, Group Sustainability, Social Responsibility
NUPI/Oxford: Lilly Pijnenburg Müller, Oxford Martin Schools Global Cyber Security Capacity Center
Q & As
Ordstyrar: Niels Nagelhus Schia, Seniorforskar, NUPI
Hovedtalere
Relaterte prosjekter
Cybersecurity Capacity Building (CCB)
Prosjektet skal se på risikoen knyttet til og utfordringene ved cybersikkerhet i utviklingsland....