Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

GOODGOV - Korleis kan Noreg og Polen forbetre styring på europeisk nivå?

Kva kan Noreg og Polen lære av kvarandre innan energi, tryggleik og migrasjon? På dette seminaret presenterer forskarar frå NUPI og PISM hovudfunna frå prosjektet GOODGOV.
14 juni 2016
13:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Styring
  • EU
  • Engelsk

GOODGOV fekk støtte frå norske EØS-midlar gjennom Polsk-norsk forskingsprogram og var eit samarbeidsprosjekt mellom Polish Institute of International Affairs (PISM), NUPI) og  Institute of Political Studies of the Polish Academy of Sciences (ISP PAN) i  perioden 2013 og 2016. Målet for prosjektet var å kartleggje utfordringar knytt til styring på nasjonalt og europeisk plan, og dessutan å forbetre effektiviteten av styring gjennom ein innovative og tverrfagleg tilnærming. GOODGOV har tatt for seg kjerneområde i nasjonal og europeisk policy: tryggleik, energi og migrasjon.

Prosjektarbeidet har vore delt inn i fem tematiske arbeidspakkar, og både polske og norske forskarar har bidratt til alle desse. Arbeidspakke 1 gav eit grunnlag for vidare forsking ved å identifisere moglegheitene og utfordringane knytt til nasjonal og europeisk styring. Arbeidspakke 2 fokuserte på tryggingspolitikk. Arbeidspakke 3 tok for seg energi, og arbeidspakke 4 migrasjon. Hovudfunna frå prosjektet blei presenterte på ein konferanse i Brussel 24. mai 2016, og målet med dette arrangementet i Oslo er å presentere prosjektresultata for eit breiare, norsk publikum.

Relevante prosjektpublikasjonar

Sluttrapporten for prosjektet

Meir informasjon om GOODGOV

Utanriksdepartementet finansierte seminarserien om Europa.

Program:

13:30-13:35 – Velkommen ved Ulf Sverdrup, direktør ved NUPI

13:35-13:50 – Presentasjon av GOODGOV-prosjektet (Jakub M. Godzimirski, NUPI)

13:50-14:05 – Tryggingsrelaterte funn (Pernille Rieker, NUPI)

14:05-14:20 – Energirelaterte funn (Zuzanna Nowak, PISM)

14:20-14:35 – Migrasjonsrelaterte funn (Jakub M. Godzimirski, NUPI)

14:35-15:00 – Q&A

Du kan sjå seminaret i opptak på YouTube etter arrangementet.

Deltakere

Jakub M. Godzimirski
Forsker I
Zusanna Nowak
Seniorforsker, the Polish Institute of International Affairs
Pernille Rieker
Forsker I

Møteleder

Ulf Sverdrup
Tidligere direktør

Relaterte prosjekter

Forskningsprosjekt
2013 - 2015 (Avsluttet)

National and European Governance: Polish and Norwegian Cooperation Towards More Efficient Security, Energy and Migration Policies (GOODGOV)

Prosjektet skal analysere forholdet mellom Norge og Polen innen områdene nasjonal sikkerhet, energi og migrasjon og se på forholdet i en bredere europeisk kontekst....

  • Europa
  • Styring
  • Europa
  • Styring
14 juni 2016
13:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Styring
  • EU
  • Engelsk