Arrangement
Afrikas Horn: Den strategiske betydninga for Europa, Gulf-statane og andre aktørar
Afrikas horn er ein region med store variasjonar i geografi, historie, befolkning, politikk og kultur. Dét har gjort regionen sårbar for konfliktar både internt i samfunna der og mellom landa som utgjer Afrikas horn . Dette mangfaldet har også lagt til rette for at utanforståande har kunna drive avløysarpolitikk i regionen.
No er Djibouti, Eritrea, Etiopia, Sudan, Sør-Sudan og Somalia – og Kenya og Uganda – komme i stormakters søkjelys.
Fleire faktorar påverkar Afrikas horn i dag. Terrorisme, nye lojalitetsband, handelstryggleik i Raudehavet og den globale migrasjonskrisa er nokon av desse. I geopolitisk samanheng er Afrikas horn Europas sårbare nabo i eit veldig fragmentert sør.
Program 14:00–15:30:
Velkommen ved Jon Harald Sande Lie, seniorforskar, NUPI
Introduksjon av Alexander Rondos ved Jens-Petter Kjemperud, Utanriksdepartementet
Presentasjon ved Alexander Rondos
Kommentarar, NUPI
Q & A
Ordstyrar: Jon Harald Sande Lie, Seniorforskar, NUPI
Følg seminaret direkte på YouTube: