Arrangement
Kvifor halde val i autoritære statar?
Tidsskriftet Nordisk Østforum feirar ny årgang med nytt design. Velkommen til paneldebatt.
Kva er poenget med å halde val når utfallet er gitt på førehand? Og kvifor ser opposisjonen seg tent med å stille? Slike spørsmål er aktuelle for mange land i dag, blant dei Aserbajdsjan, Russland og Kasakhstan, der president Nazarbayev i april blei attvald med 97,7 % av stemmene.
Med utgangspunkt i Sofie Bedfords ferske artikkel «Val för att bevara status quo: elektoral autokrati och stabilitet i Azerbajdzjan», vil vi diskutere val i autoritære statar og dynamikken som oppstår mellom styresmakter og opposisjon i ein slik politisk kontekst.
Panel:
Sofie Bedford (Uppsala universitet)
Geir Flikke (Universitetet i Oslo)
Håvard Mokleiv Nygård (Institutt for fredsforsking, PRIO)
Arrangørar: Nordisk Østforum, Tidsskriftsforeningen, Universitetsforlaget og Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI).
Stad:
Nedjma, Litteraturhuset, Wergelandsveien 29
Program 19 - 20.30:
Innleiingar
Paneldebatt og spørsmål frå salen