Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Risikovurderingsverktøy mot terrorisme og ekstremisme: Erfaringar frå kriminalomsorga i Nederland, Storbritannia, og Sverige

Kan bruk av risikokartleggingsverktøy redusere ekstremistisk vald, eller gir det ein falsk tryggleik?
07 desember 2020
09:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Webinar
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Terrorisme og ekstremisme
  • Europa
  • Seminar
  • Digital
  • Engelsk

Gjekk du glipp av dette seminaret? Sjå det her!

Risikovurderingar av individ som har komme i søkjelyset til styresmaktene på grunn av terrorisme eller ekstremisme har i Noreg i stor grad gått føre seg utan bruk av spesialiserte verktøy. Dette seminaret presenterer ein ny rapport som ser på tre europeiske lands erfaringar med bruken av slike spesialiserte verktøy i kontraterrorismearbeidet sitt. Rapporten tar for seg Storbritannia, Nederland og Sverige og ser på dei tidlege erfaringane i desse landa med bruk av spesialiserte terrorismerelaterte risikovurderingsverktøy innanfor kriminalomsorga. Den peikar på dei viktigaste spørsmåla og utfordringane knytt til bruken av desse verktøya, med implikasjonar for både vidare forsking og utforminga av tiltak. Rapporten er skrive av NUPI-forskarane Rita Augestad Knudsen og Ole Martin Stormoen, og baserer seg blant anna på intervju med praktikarar i dei tre landa. 

I tillegg til forfattarane av rapporten, vil seminaret inkludere RVTS Aust (Regionalt ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging) representert ved spesialrådgivar og psykolog Lars Lyster, som stod bak initiativet til rapporten. Lyster er nasjonal koordinator for RVTSenes arbeid med å førebyggje radikalisering og valdeleg ekstremisme. Etter at NUPI-forskarane har presentert rapporten vil Lyster og rådgivar Kari-Anne Aasen Aasterud frå Kriminalomsorgsdirektoratet klargjere kva implikasjonar funnet i rapporten kan ha for Noreg.

Program:

Innleiing ved Lars Lyster

Presentasjon Rita Augestad Knudsen og Ole Martin Stormoen

Kommentar ved Kari-Anne Aasterud

Diskusjon og spørsmål

Hovedtalere

Ole Martin Stormoen
Forsker
Rita Augestad Knudsen
Seniorforsker
Lars Lyster
Spesialrådgiver, RVTS Øst
Kari-Anne Aasen Aasterud
Rådgiver, Kriminalomsorgsdirektoratet
07 desember 2020
09:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Webinar
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Terrorisme og ekstremisme
  • Europa
  • Seminar
  • Digital
  • Engelsk