Arrangement
Huawei: Ein risiko eller ikkje?
PST og ei rekkje andre vestlege etterretningsbyrå har uttrykt at det vil utgjere ein tryggingsrisiko å la kinesiske selskap som Huawei stå for utbygginga av 5G-nettet vårt. Systema kan misbrukast av Kina til spionasje, og i verste fall sabotasje, blir det hevda.
Stemmer dette? Er Huaweis system meir sårbare enn andre system? Kva er desse sårbarheitene som ein fryktar? Kva er det med Huawei som gjer at selskapet er så omstridd? Finnes det teknologiske løysingar som kan løyse desse dilemmaa? Og kvifor er vi så opptatte av tryggleiken i 5G når det var uproblematisk at Huawei bygde 4G-nettet?
NUPI og SIMULA Metropolitan inviter til debatt på Litteraturhuset 6. mars der vi skal sjå på både dei tekniske og tryggingspolitiske sidene av desse spørsmåla. Gjennom ein tilgjengeleg og forståeleg gjennomgang av dei tekniske utfordringane kan debatten om Huawei blir gjort meir opplyst, og mindre avhengig av rykte og fiendebilete.
Til å diskutere dette kjem Tore Larsen Orderløkken, VP Security, Quality & Risk Management, Huawei Norge og Olav Lysne, Professor, Direktør for SimulaMet. Samtalen blir leidd av seniorrådgivar på NUPI, Karsten Friis.
Arrangementet blir strøymt direkte til NUPIs YouTube-kanal: