Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

EU, Kina og handelskrigen

Dette seminaret ser nærare på EUs politikk på handel, investering og patentvern overfor Kina.
11 oktober 2018
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Internasjonal økonomi
  • Handel
  • Europa
  • Asia
  • Nord-Amerika
  • EU
  • Engelsk

Donald Trumps eskalerande handelskonflikt med Kina og angrepa på WTO har ført til at EU no speler ei nøkkelrolle som ankar og stabiliserande kraft i handelssystemet i verda. Handels- og investeringsforholdet mellom EU og Kina ligg i kjernen av dette.

På den eine sida er EU ein alliert av USA, ein viktig handelspartnar som samarbeider tett om saker som overkapasitet av stål, tvungen overføring av teknologi og industrielle subsidiar i Kina.

På ei anna side er EU på linje med Kina i forsvaret av WTO og i kritikken av Trumps stål- og aluminiumtoll og proteksjonisme. Handelssamband mellom EU og Kina er også viktige for EFTA og Noreg – blant anna med forhandlingar som skal gå føre seg parallelt i oktober 2018 om ein investeringsavtale mellom EU og Kina, og ein frihandelsavtale mellom Noreg og Kina.

På dette seminaret skal Maria Åsenius presentere EUs analyse og tilnærming i politikken for handel, investeringar og patentvern (IPR) knytt til Kina. Åsenius jobbar som Head of Cabinet for EU Trade Commissioner Cecilia Malmström. Med utgangspunkt i sin sentrale posisjon i EUs handelspolitikk og EU-institusjonar, vil Åsenius dele kunnskap om viktige utviklingar og framtidsutsikter i det komplekse og mangfaldige handelsforholdet mellom dei to store aktørane i verdshandelssystemet.

Seniorforskar på NUPI, Arne Melchior, leiar seminaret.

PROGRAM:

09.00-09.05: Introduksjon ved Arne Melchior

09.05-09.15: China-Norway Trade Negotiations. Kommentar ved statssekretær Magnus Thue frå Nærings- og fiskeridepartementet

09.15-09.45: EU-China trade relations. Presentasjon ved Maria Åsenuis

09.45-10.30: Spørsmål frå salen og avslutning

Arrangementet er ein del av ein ny seminarserie med fokus på handelskrig, i regi av Senter for internasjonal økonomi og handel på NUPI. I denne serien ønskjer vi å sjå på kva som ligg bak overskriftene, og bidra med djupare kunnskap om sentrale spørsmål knytt til dagens konfliktar i handelspolitikken. Neste seminar i serien er planlagd 22. november, og skal handle om statseigde føretak i verdsøkonomien.

Bakgrunnsinformasjon:

EUs Kina-strategi frå 2014

Forhandlingane om ein investeringsavtale: European Commission Trade Policy: China

European Commission report on “trade defence” issues

EUs innspel om WTO-reform

Stålkonflikten: Recent Ministerial Report, G20

Seminaret blir strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal:

Talere

Maria Åsenius
Head of Cabinet for EU Trade Commissioner Cecilia Malmström
Magnus Thue
statssekretær (H), Nærings- og fiskeridepartementet
11 oktober 2018
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Internasjonal økonomi
  • Handel
  • Europa
  • Asia
  • Nord-Amerika
  • EU
  • Engelsk