Kompetansemål
Oppgaver og artikler knyttet til utvalgte fag og kompetansemål i den videregående skole
- Utforske og presentere dagsaktuelle tema eller debatter ved å bruke samfunnsfaglege metodar, kjelder og digitale ressursar, og argumentere for sine eigne og andre sine meiningar og verdiar
- Utforske korleis interesser og ideologisk ståstad påverkar våre argument og val av kjelder, og reflektere over korleis det gir seg utslag i forskjellige meiningar
- Gjere greie for sosialisering og drøfte korleis identiteten og sjølvkjensla til ungdom blir påverka gjennom sosialisering
- Drøfte korleis personleg økonomi, kommersiell påverknad og forbruk påverkar enkeltpersonar, grupper og samfunnet
- Reflektere over utfordringar i samband med grensesetjing og drøfte ulike verdiar, normer og lover som gjeld kjønn, seksualitet og kropp
- Reflektere over eigne digitale spor, utforske kven som har tilgang til spora, og drøfte korleis data og personopplysningar kan brukast eller misbrukast
- Innhente informasjon om forskjellige former for sosial ulikskap i Noreg og drøfte samanhengen mellom ulikskap og utanforskap
- Reflektere over likskapar og ulikskapar i kulturuttrykk, identitet og levesett innanfor og mellom majoritet og minoritet i Noreg og Sápmi/Sábme/Sáepmie
- Utforske og beskrive korleis organiseringa av samfunnet og arbeidslivet i Noreg har endra seg, og drøfte korleis den nordiske samfunnsmodellen møter utfordringar enkeltpersonar og samfunnet står overfor
- Utforske og drøfte korleis næringsgrunnlag, innovasjon og teknologi formar og påverkar arbeidsliv og lokalsamfunn i Noreg
- Reflektere over kva det inneber å vere medborgar, og samanlikne korleis politiske system er organiserte i forskjellige land og område
- Vurdere korleis utøving av makt påverkar enkeltpersonar og samfunn
- Gjere greie for grunnlaget for menneskerettane og utforske og gi døme på brot på menneskerettane nasjonalt eller globalt
- Vurdere årsaker til og tiltak som kan førebyggje rasisme, diskriminering og hatefulle ytringar, og drøfte grensene for ytringsfridommen
- Utforske ei utfordring eller ein konflikt på lokalt, nasjonalt eller globalt nivå og drøfte korleis utfordringa eller konflikten påverkar forskjellige grupper
- Drøfte samanhengen mellom økonomisk vekst, levestandard og livskvalitet i eit globalt og berekraftig perspektiv