Hopp til innhold

KRIGSHERJET: En syrisk flyktning går gjennom ruiner i den krigsherjede byen Homs i Syria.

Foto: Chaouye Pan Creative Commons CC BY-NC-ND 20 cropped

Utfordringar etter krig

Å hindre krig, skape fred og å handtere etterdønningane etter krig og valdeleg konflikt er nokre av dei mest sentrale utfordringane i vår tid. Historia viser at måten vi avsluttar ein krig på, har stor innverknad på om krigen blir følgd av berekraftig fred eller av ny krig. Forsking har vist at omkring 50 prosent av alle konfliktar blussar opp att innan 10 år etter at ei fredsavtale er signert. Sjølv om ein internasjonal intervensjon kan gi midlertidig stabilitet, så spelar internasjonale aktørar likevel ei avgrensa rolle – freden må støttas lokalt for å bli berekraftig.
  • Kva for hovudtypar av krig kan ein skilje mellom?
  • Kva for faktorar kan bidra til at krig blir etterfølgd av varig fred?
  • Kor mykje kan eller bør det internasjonale samfunnet bidra?

To typar krig

Fagfolk skil mellom to hovudtypar av krig: mellomstatleg krig og  Borgerkrig . Etter 1945 har talet på mellomstatlege krigar –  krig mellom to eller fleire statar –  falle kraftig. Denne typen krig var særleg vanleg i europeisk historie fram til 1945. Det kan hevdast at denne typen krig var viktig for framveksten av nasjonalstaten, mellomstatlege relasjonar og internasjonal rett, inkludert krigens folkerett.

Etter andre verdskrig kom verdas land saman – iallfall 51 av dei – og oppretta  FN - De forente nasjoner (FN) i 1945. Hovudmålet var å samarbeide om å forhindre framtidige krigar, særleg ein tredje verdskrig. FN og regionale  Institusjon  som  Den afrikanske union - AU  (AU) og  EU-institusjonene/ EU-organene  (EU) har fått noko av æra for at talet på mellomstatlege krigar har blitt monaleg redusert sidan den tid. Den andre typen krig, borgarkrig, har vist seg vanskelegare å få bukt med. Det er mange døme på slike gjenstridige konfliktar, mellom anna dei som er i gang i Syria, Afghanistan, Den demokratiske republikken Kongo og Somalia.

Krigar som endar med ein tydeleg tapar og vinnar – normalt vil det seie at ein part overgir seg – ligg best an til ikkje å blusse opp att. Moderne borgarkrigar endar likevel sjeldan slik. Den særs langvarige krigen i Sri Lanka (26 år), som enda i 2009 med at regjeringa sigra over tamiltigrane, er eit sjeldan unntak.

Det internasjonale samfunnet grip inn

Sidan FN blei oppretta, har vi fått internasjonale lover, institusjonar og organ som  Sikkerhetsrådet i FN  i FN og FNs Fredsbyggingskommisjon. I tillegg har vi meklarar, spesialutsendingar og  Fredsbevarende operasjoner , som på ulike vis søker å hindre krig mellom og innan land, og som regulerer og føreskriv korleis nasjonale og internasjonale aktørar bør bidra i arbeidet med fred og stabilitet etter krig og konflikt. I hovudsak kan ein seie at borgarkrigar enten endar i ei våpenkvile eller fredsavtale forhandla frem av internasjonale meklarar, etterfølgd av ein fredsoperasjon som støtter opp under fredsprosessen.

Sjå FN-video: Kva er fredsbevaring?

Nyare døme finn vi i Colombia, Liberia og Sierra Leone. Alternativt endar borgarkrigar med fred i delar av landet, og kor ein fredsoperasjon blir satt inn for å sikre fred i resten av landet, samstundes med at ein forsøker å bidra til å endre styringssystemet i ei meir demokratisk retning. Eksempel på dette finn vi i Den demokratiske republikken Kongo, i Mali og i Den sentralafrikanske republikk.

Kvifor trengst fredsprosessar?

Fredsprosessar tar oftast sikte på å bygge opp igjen landet, statsapparatet og økonomien – få hjula i gang. Å bygge opp att ein stat omfattar gjerne å endre eller utarbeide ei ny grunnlov, planlegge og administrere val, endre rettsvesenet og sikkerheitssektoren, inkludert forsvar, politi og etterretningstenester. Vidare omfattar det ofte å (re-)etablere grunnleggande sosialtenester og sikre at styresmaktene har kontroll over heile landet.

Bildet viser tidligere president i Sør-Afrika Nelson Mandela

FORSONENDE: Nelson Mandela satt fengslet i Sør-Afrika for sin motstand mot apartheidregimet i over 27 år. I 1994 ble han landets president, og så det som sin presidentoppgave å forsone nasjonen. Han var en sentral skikkelse for Sør-Afrikas Truth and Reconciliation Commission, som ble nedsatt i 1996.

Foto: UN Photo

Fredsavtaler handterer gjerne rettslege spørsmål i kjølvatnet av ein krig, blant anna ei form for sanning- og forsoningskommisjon. Spenningsforholdet mellom rettferd og fred – kompromissa som partane må inngå for å sikre fred –  er blant dei mest omstridde spørsmåla i ein prosess fram mot varig fred. Etter ofte mange år med krig, dominerer frykt og manglande tillit til «dei andre» og hindrar vidare utvikling og fredeleg sameksistens – difor er alle tiltak som kan bidra til ei forsoning mellom tidlegare stridande partar særs viktig – og vanskeleg. Andre viktige sider av ei fredsavtale er avvæpning, demobilisering og re-integrering i samfunnet av dei stridande, altså av soldatane.

TILBAKE TIL SAMFUNNET: Tidligere barnesoldater fra Nord-Kivu i Den demokratiske republikeken Kongo ivaretas av FN gjennom United Nations Organization Mission in the Democratic Republic of the Congo (MONUC).

Eit anna behov er å stable økonomien på beina att, gjerne med fokus på å skape arbeidsplassar, sysselsetje unge og tiltrekke seg utanlandsinvesteringar. Det er no breitt akseptert at kvinner speler ei avgjerande rolle for at ein fredsprosess skal lykkast og bli berekraftig. I fredsprosessar flest legg ein i dag vekt på å inkludere kvinner – både for å anerkjenne dei store lidingane dei blir påført som ofre for konflikten, og for å understreke det potensialet dei har som sentrale aktørar og ressurspersonar i fredsbygginga.

Berekraftig utvikling og varig fred

Det er brei semje om at det er ein sterk samanheng mellom utvikling, styresett, rettsvesen, politikk og tryggleik for å fremme berekraftig fred. Dette er ideen bak mål 16 i dei nye  FNs bærekraftsmål . Mål 16 er «å fremje fredelege og inkluderande samfunn med sikte på berekraftig utvikling, sørge for tilgang til rettsvern for alle og bygge vel fungerande, ansvarlege og inkluderande institusjonar på alle nivå.»

Måten desse dimensjonane blir samordna og iverksett på, har stor innverknad på om ein fredsprosess blir berekraftig eller om freden vil kollapse og valdeleg konflikt bryt ut på nytt. Borgarkrigane i Sør-Sudan og Jemen er kraftige påminningar om kor sårbare fredsprosessar er.

Ein kan skilje mellom tre hovudfaktorar i vurderinga om ein fredsprosess lykkast eller ikkje: Viktigast er adferden til politiske eliten i det krigsherja landet eller den aktuelle regionen. Først og fremst kor vidt dei faktisk ønsker og arbeider for å fremme fred og ei berekraftig utvikling – altså vala eliten tar. Ser ein på forhold som økonomi, styringsevne, naturressursar og grad av demokrati, er det klart at desse aspekta kan avgrense handlingsrommet til den politiske eliten.

Den nest viktigaste faktoren er inkludering/ekskludering – i kor stor grad ein eller fleire grupper kjenner seg politisk, sosialt og økonomisk ivaretatt eller tilsidesette.

MÅ IVARETAS:Fredsbevarere i FNs Stabiliseringsoppdrag i Mali (MINUSMA) hjelper et lokalsamfunn i landet med gratis legekonsultasjoner, drikkevannutdeling og opplæring i hvordan lokalbefolkningen unngår og identifiserer miner.

Foto: Harandane Dicko/UN Photo

Ein tredje faktor er internasjonale aktørar som FN, som kan spele ei positiv rolle i ein slik fredsprosess. Dei kan støtte opp om marginaliserte grupper ved å oppmode elitar til å vere meir inkluderande. Påverknadskrafta deira er likevel avgrensa og det er mange fallgruver, mellom anna at gode intensjonar endar opp med negative konsekvensar, slik at ein gjer meir skade enn gagn.

Nokre av dei som har studert kor vidt freden varar eller bryt saman meiner at følgande tre spørsmål er avgjerande:

  1. Finst det kjelder til samhald som kan støtte opp under fredsprosessen? Slike kjelder kan vere ein eventuell demokratisk tradisjon samt vilje, utmatting eller samhørigheit blant partane i konflikten. Ønsker dei fred, er dei krigstrøytte eller splitta?
  2. Finst det lokale krefter og kapasitetar som kan støtte freden? Kor sterke er dei sosiale og statlege institusjonane? Har samfunnet den sosiale kapitalen som trengst til attreising etter krigen?
  3. I kva grad finst det internasjonal støtte til fredsprosessen?

Svara på desse tre spørsmåla vert kalla fredsbyggingstriangelet. Vi ser at fleire av faktorane som er viktige for at sjølve fredsprosessen lykkast, har mange fellestrekk med dei som er avgjerande for om freden varar.

Sjølv om mange av dei som har forska på krig og fredsbygging etter konflikt gjerne finn nokre fellestrekk når det gjeld kva som oftast verkar eller ikkje, er det viktig å understreke at det ikkje finst éi oppskrift på suksess. Dei strategiane som har vore tilpassa «konfliktens økologi» – korleis lokale partar har stått saman og mot kvarandre – har vist seg å vere dei mest vellykka. Fredsbygging må ta utgangspunkt i den konkrete konflikten og ikkje i ein overordna strategi utan kjensle for eller tilstrekkeleg innsikt i lokale forhold. 

Kor stor motstandskraft har eit samfunn?

I fredsbyggingslitteraturen legg ein gjerne vekt på motstandskraft. Dersom eit samfunn er sårbart, betyr det at dei sosiale institusjonane som styrer politikk, tryggleik, rettsvesen og økonomi manglar motstandskraft. «Motstandskraft» vil her seie den evna dei sosiale institusjonane har til «å tolerere og tilpasse seg» slik at dei kan fungere nokon lunde greitt under stress. Døme på kjente konfliktdrivarar som skapar stress er ulikskap, ekskludering og tilsidesetjing. For å hemme desse, er det  viktig med initiativ som sikrar inkludering – at alle får ta del og kjenner ansvar –  i fredsprosessen.

Risikoen blir gradvis redusert etter kvart som dei sosiale institusjonane utviklar motstandskraft for å takle belastningane og utfordringane dei blir utsette for. Slik sett bør berekraftig fred handle om å stimulere og legge til  rette for at samfunn kan organisere seg sjølv og dermed tolerere og tilpasse seg belastningane godt nok til å oppretthalde freden.

Kva kan det internasjonale samfunnet bidra med?

Forskarar er stort sett einige om at verdssamfunnet, normalt gjennom FN, speler ei viktig rolle. Dei legg samstundes vekt på at denne rolla må avgrensast til ein støttefunksjon. Aktørar utanfrå kan gi nyttige bidrag ved til dømes å attreise stabilitet etter at ein valdeleg konflikt har brote ut. Dei kan også bidra som katalysator til å stimulere og legge til rette for dei neste stega i attreisinga av eit samfunn. Ein kan grovt skilje mellom fire måtar fredsbevaring kan bidra til ein vellykka fredsprosess på:

  1. Insentiva endrast slik at partane har meir igjen for å oppretthalde freden enn kva det kostar å returnere til slagmarka.
  2. Fredsbevaring kan redusere usikkerheita hos partane, fordi etterlevinga av ei fredsavtale blir overvaka.
  3. Ved å sørge for større grad av kommunikasjon kan fredsbevarande styrker hindre at partar returnerer til krig ved eit «uhell».
  4. Ein oppmodar begge sider (særleg regjeringssida) til ikkje å ekskludere motparten.

Internasjonale fredsbyggarar må likevel vere klar over at ekstern intervensjon ikkje er nok til å oppnå berekraftig fred. Den viktigaste faktoren for berekraftig fred er lokale krefter. For at ein fredsprosess skal bli berekraftig, må det krigsherja samfunnet utvikle eigne institusjonar som kan handtere eigne interne konfliktar på fredeleg vis.

Nok ein faktor som må komme i betraktning når internasjonale aktørar grip inn for å støtte ein fredsprosess, er den moralske plikta dei har til ikkje å gjere skade. Når internasjonale aktørar grip inn i eit land, vil grupper og innbyggarar reagere på ulike måtar. Nokre av reaksjonane kan ein forvente, andre ikkje. Når vi veit at dette kan skje, bør FN og andre institusjonar som planlegg fredsoperasjonar, vere førebudde og utvikle mekanismar for å overvake og svare på utilsikta, men uunngåelege og ofte negative konsekvensar av eigne intervensjonar. Eksempel på slike inkluderer sivile tap, seksuell utnytting og overgrep, samt spreiing av hiv-aids og andre sjukdommar, som kolerautbrotet på Haiti i 2010, som kravde ca. 7000 menneskeliv.

KOLERAUTBRUDD: Over 7000 mennesker mistet livet som følger av kolerautbruddet på Haiti i 2010. Utbruddet ble sporet tilbake til FN-fredsbevarere fra Nepal.

Foto: United Nations Photo/Creative Commons/CC BY SA-NC-ND 2.0

Internasjonale fredsbyggarar kan bidra til og legge til rette for ein fredsprosess, men dersom dei grip inn for mykje, vil dei kunne undergrave det ein stat og lokalsamfunnet der gjer og som trengst for å skape robuste sosiale institusjonar. Nøkkelen til vellykka fredsbygging ligg difor i å finne riktig balanse mellom internasjonal støtte og lokal sjølvorganisering, ein balanse som vil variere frå konflikt til konflikt. 

Arbeidsoppgaver

Temaer

  • Utviklingspolitikk
  • Fredsoperasjoner
  • Konflikt
  • Menneskerettigheter
  • Internasjonale organisasjoner

Fakta

Fredsbygging

Omgrepet fredsbygging blei lansert på 1970-tallet ved fredsforskaren Johan Galtung. Han brukte det i tydinga av å fremme levedyktig fred ved å adressere årsakene til konflikt, samt ved å støtte nasjonale og lokale kapasitetar for konflikthandtering – og såleis hindre tilbakefall til konflikt. Frem til i dag har i hovudsak denne tolkinga heldt seg. I dei landa FN bidrar med fredsbygging er det mange ulike aktørar som er involvert: humanitære- og utviklingsaktørar, sivile og militært personell som del av fredsbevarande operasjonar samt såkalla ”politiske” operasjonar.