Vaksinediplomati: Korleis skal Afrika vaksinerast?
Personer
- Kva er vaksinediplomati?
- Korleis kunne ein sørga for ei meir rettferdig fordeling av vaksinane?
- Kva kan Russland og Kina tene på å vaksinere Afrika?
- Kva er konsekvensen om vi ikkje får vaksinert Afrika tidlig nok?
«Verda er på randa av ei katastrofal moralsk svikt, og prisen vil bli betalt med liv og levebrød i dei fattigaste landa», åtvara sjefen for Verdas helseorganisasjon (WHO), Tedros Ghebreyesus.
I eit kappløp mellom land for å skaffe nok vaksinar, har rike land gjennom eigne avtalar med vaksineprodusentar sikra seg brorparten av dosane som vil bli levert i 2021. Dette kappløpet som hindrar ei meir rettferdig fordeling av vaksinar, er hovudproblemet i det såkalla vaksinediplomatiet.
Her kan du sjå oversikt over administrerte vaksinar per 100 personar. Henta frå ourworldindata.org
Vaksinediplomati
Høyr vår podkast om vaksinediplomatiet!
Diplomati er ifølje Store norske leksikon det ei stat gjer for å fremje sine eigne interesser overfor andre land, utan å bruke vald. Vaksinediplomati er heilt enkelt det som handlar om utvikling, levering og bruk av vaksinar.
Land brukar utvikling og levering av vaksinar for å styrke forholdet sitt til andre land. Diplomatiske forbindingar kan vere prega av konkurranse og konflikt, som mellom USA og Kina, eller meir prega av venskap og samarbeid som mellom Noreg og Sverige. Vaksinediplomati inneber også vaksinasjonsarbeidet til ulike internasjonale organisasjonar som til dømes WHO.
Dagens vaksinediplomati handlar fyrst og fremst om å nedkjempe koronaviruset, men som WHO-sjefen peikte på, så ser det ikkje ut til at verdas land greier å oppnå ei rettferdig fordeling av vaksinar.
Ifølgje FNs generalsekretær, Antonio Gutierres, er dette eit stort problem, og han uttalte nyleg at rike land ikkje vil vere trygge når deira eigne befolkningar er vaksinerte, men fyrst når heile verdas befolkning har oppnådd flokkimmunitet.
Afrika og «ulikskapsviruset»
Talet på smittetilfelle i Afrika er veldig lite samanlikna med Nord-Amerika og Europa som vist i figuren nedanfor. Unntaket er Sør-Afrika som no er midt i ei aggressiv andre bølgje. Men pandemien har råka afrikanske statar sin økonomi like hardt som elles i verda.
Året 2020 var fyrste gong sidan midten av 90-talet at Afrika sør for Sahara opplevde negativ økonomisk vekst, såkalla resesjon. Somme land klarte seg bra grunna gode økonomiar med mange bein å stå på medan til dømes olje- og turistavhengige statar fekk det mykje tyngre.
Konsekvensen er at mange menneske har mista levebrødet sitt og blitt skubba ut i fattigdom, samt at fattige og sårbare statar har blitt svekka.
- Les også: Nobels fredspris 2020: Verdas matvareprogram
- Les også: Pandemi = økonomisk kollaps
Koronaviruset rammar ikkje blindt. Den gjer forskjell på fattige og rike, og har blitt kalla «ulikskapsviruset» av fleire. Ressurssvake personar og grupper blir hardare ramma enn dei ressurssterke, akkurat som konsekvensane av klimaendringane. Viruset bremsar og reverserer økonomisk vekst og skapar dermed meir fattigdom og sosial urett i verda. Derfor er det så viktig å bli kvitt viruset så fort som mogleg slik at dei økonomiske hjula kan begynne å rulle igjen.
I Noreg har me gode moglegheiter til å komme oss over krisa sidan me har ein robust økonomi, eit godt tryggleiksnett med velutbygde sosiale ordningar, politisk stabilitet og ikkje minst eit stort pengefond. I tillegg har Noreg gjennom sin avtale med EU sikra god tilgang på vaksinar og vil kunne oppnå flokkimmunitet i løpet av 2021. I mange afrikanske land er situasjonen heilt annleis, og mange av dei fattigaste risikerer å falle både eitt og to år bak andre land i vaksinasjonskøen. Dermed vil dei ligge langt etter rikare land.
Pandemien er ei krise som legg seg oppå andre og det gjer at konsekvensane for folk i land utan eit godt tryggleiksnett, blir mykje større. Denne urovekkande utviklinga som forsterkar skilnadar mellom rike og fattige land har fått mange til å rope ut mot rike land sin «vaksinenasjonalisme».
Trusselen frå vaksinenasjonalisme – historia gjentar seg
Med vaksinenasjonalisme meiner me at eit land prioriterer sin eigen tilgang til vaksinar over alle andre land sin.
Sjå videoklipp: Ramaphosa, presidenten i Sør-Afrika åtvarar mot vaksinenasjonalisme
Sør-Afrikas president, Ramaphosa, skulda nyleg rike land i verda for å drive vaksinenasjonalisme ved å først og fremst redde seg sjølv ved å hamstre vaksinar til sin eigen befolkning. Historisk sett er dette slettes ikkje noko nytt. Til dømes kan me gå tilbake til 2009 då verda blei ramma av svineinfluensaen. Då vart ei vaksine utvikla i all hast og rike land hamstra alt av tilgjengelege dosar og framtidig produksjon medan fattigare utviklingsland kunne berre stå og sjå på.
Den internasjonale bistandsorganisasjonen Oxfam rapporterer at med dagens utvikling, vil 9 av 10 personar i fattige land gå glipp av koronavaksineringa i 2021 og kanskje måtte vente så lenge som til 2023 for å bli vaksinert. Dette skjer mens rikare land, som til dømes Canada, har sikra seg så mange dosar at dei kan vaksinera sin befolkning nesten tre til fem gongar.
- Les også: Korona og globalisering
- Les også: Grenseløs kamp mot korona
Stormaktsrivalisering – EU, USA, Kina og Russland
Det er tydeleg at Afrika sannsynlegvis blir det siste kontinentet til å oppnå full vaksinedekning. Dette betyr derimot ikkje at Afrika ikkje prøver å svare på denne enorme utfordringa.
På bakrommet på den internasjonale scena går det føre seg eit spel innanfor vaksinediplomatiet. Somme eksterne aktørar vil gjerne tilby vaksinar til afrikanske land nettopp for å hjelpe dei ut av krisa, men det handlar også om å sikre politisk påverknad, tilgang til naturressursar og marknadsandelar.
Sidan fleire av Afrikas tradisjonelle handels- og utviklingspartnarar, som EU og USA, stort sett er opptekne med å handtere sine eiga problem med pandemien, så er vaksinediplomatiet blitt eit ope spel. Dette har gitt større spelerom for til dømes Russland og Kina.
Det er mogleg at dei som fyrst bringer vaksinar til Afrika, vil få eit konkurransefortrinn over andre land som søkjer politisk innflytelse og tilgang til naturressursar.
Russland var fyrst ute med ein koronavaksine, Sputnik V. Den er både billegare og lettare handterbar enn fleire av dei vestlege konkurrentane som Noreg har kjøpt. Over 50 land har meldt sin interesse for å kjøpe, og Egypt er interessert i å produsere den russiske vaksinen. Fordi Russland kan tilby denne vaksinen, opnar det seg moglegheiter for russarane til å skaffe seg politisk påverknad i afrikanske hovudstadar og få i stand gode handelsavtalar. Men Russland har slite økonomisk dei siste åra, og har truleg ikkje nok økonomisk styrke til å utnytte dei moglegheitene vaksinediplomatiet gir.
Her har derimot Kina mykje større slagkraft. Kinesarane brukar bevisst vaksinediplomati for å reparere sitt dårlege rykte som følgje av pandemien, men også for å auke påverknaden sin. President Xi Jinping, lova å prioritere Afrika for sine vaksinar. Med tre ulike vaksinar, ein enorm produksjonskapasitet og god kontroll på koronaviruset på heimebane, har Kina gode moglegheiter til å vinne godvilje på det afrikanske kontinentet. Dette vil styrke Kina sin innflytelse i afrikanske hovudstadar, men foreløpig lar dei store vaksineavtalane mellom stormakta og afrikanske land vente på seg.
COVAX – ei global løysing
I 2020 dukka det opp eit globalt initiativ kalla COVAX som tek sikte på ei tryggare og meir rettferdig fordeling av vaksinar i kampen mot koronaviruset.
COVAX er leia av WHO, vaksinealliansen GAVI og CEPI, og har som mål å akselerere utvikling og produksjon av vaksinar mot koronaviruset og sikre lik og rettferdig tilgang for alle medlemsland uavhengig av inntektsnivå.
Det vil seie at fattigare land som på eigenhand ikkje ville ha råd til mange vaksinar får vaksinar gratis fordi rikare land tek på seg ein større del av byrda og betaler meir. COVAX er dermed eit viktig forsøk på ei meir rettferdig byrdefordeling mellom rike og fattige land, og er eit alternativ til direkte avtalar mellom stat og produsent.
COVAX har eit mål om 2 milliardar dosar i 2021, noko som kan vaksinera 20 prosent av befolkninga i 92 låg- og mellominntektsland.
Regionale avtalar er eit anna alternativ. Til dømes får Noreg sine vaksinar gjennom ein avtale forhandla fram av EU på vegne av sine medlemsland. Den afrikanske union har i ein liknande avtale skaffa til veie 670 millionar dosar og er i forhandlingar om meir. Saman med COVAX som har skaffa til veie 1,1 milliardar dosar er scena satt for dei første leveringane av vaksinar i løpet av februar.
Vegen vidare
Afrikanske land er ikkje makteslause i vaksinekappløpet, men den svake økonomiske styrken til mange av landa på kontinentet gjer dei i stor grad avhengige av slike avtalar som COVAX og AU klarar å stelle i stand og eventuell godvilje frå andre land som er villig til å selje sine vaksinar billeg.
Rike land sin vaksinenasjonalisme hjelper ikkje, og det same gjeld stadig uforutsette problem som dukkar opp.
Dosar på papiret er dessverre ikkje det same som dosar sett i armane. Eit potensielt skjær er produksjons- og leveringsvanskar som me har sett her i vesten, samt at stadig nye mutasjonar av koronaviruset trugar effektiviteten til vaksinane.
Det er også mogleg at koronapandemien vil utvikle seg til å bli ein «endemi». Det vil seie at viruset vil fortsette å mutere og komme tilbake i stadig nye bølger slik som vanleg influensa viss me ikkje klarar å vaksinera nok folk over heile kloden.
Konsekvensane for folks liv, helse og økonomi har vore heilt enorme og nye store utbrot er i ingen si interesse. Difor er det i rike land si interesse å sørgje for ei meir rettferdig fordeling der alle land får nok vaksinar til sin befolkning så raskt som mogleg.
Personer
Relaterte kompetansemål
Samfunnskunnskap (fellesfag)
- Reflektere over kva det inneber å vere medborgar, og samanlikne korleis politiske system er organiserte i forskjellige land og område
- Vurdere korleis utøving av makt påverkar enkeltpersonar og samfunn
- Gjere greie for grunnlaget for menneskerettane og utforske og gi døme på brot på menneskerettane nasjonalt eller globalt
- Utforske ei utfordring eller ein konflikt på lokalt, nasjonalt eller globalt nivå og drøfte korleis utfordringa eller konflikten påverkar forskjell...
- Drøfte samanhengen mellom økonomisk vekst, levestandard og livskvalitet i eit globalt og berekraftig perspektiv