Hopp til innhold
NUPI skole

Storslåtte visjonar – brotne illusjonar

Kva bind saman David Bowie med Kolahalvøya? Seniorforskar ved NUPI Elana Wilson Rowe har skrive ein kommentar i High North News.

AURORA BOREALIS – NORTHERN LIGHTS: It illustrates grand visions, but may also include pitfalls and broken illusions.

Photo: NASA.gov /Sebastian Saarloos

AURORA BOREALIS – NORTHERN LIGHTS: It illustrates grand visions, but may also include pitfalls and broken illusions.

Photo: NASA.gov /Sebastian Saarloos

I ein kommentar som først blei publisert i High North News, minnar seniorforskar ved NUPI Elana Wilson Rowe oss om at store prosjekt lett kan føre til storslåtte – og somme stunder urealistiske – forhåpningar i berørte lokalsamfunn. Ho indikerer at dette ofte er tilfellet i Arktis, der mykje av økonomien er særs naturbasert. Og ho held fram kor negativt dette verkar inn på innbyggarane når ein gloriøs framtid blir avlyst.  Dette, meiner Rowe, gjer det til ei hovudoppgåve for investorar og politikarar å få fram også det som kan vere grunnleggande uvisse ved prosjekta deira.

Kommentar: Future imperfect?

Det er ikkje ofte eg koplar David Bowie og Kola-halvøya i tankane mine. Men då eg etter at David Bowie døydde såg tilbake på alt han har laga, blei eg slått av eit Bowie-sitat “Tomorrow belongs to those who can hear it coming”. Sitatet pryda i si tid reklameplakatar for albumet hans “Heroes”.

Bodskapen til Bowie om å lytte nøye til signal om framtida minte meg om feltarbeidet mitt i Murmansk i 2013. Målet med arbeidet mitt var å spørre politikarar, beslutningstakarar, folk frå sivilsamfunnet og folk flest om kva det i ettertid betydde for dei at gassfeltet Shtokman var blitt skrinlagd.

Shtokman-feltet, som ligg i Barentshavet om lag 600 km nord for Kolahalvøya, er mellom dei største naturgassfelta i verda. Heilt sidan midt på 1990-talet hadde ein diskutert seriøst å utvikle dette feltet. På begge sider av den norsk-russiske grensa fekk dette forhåpningane til å nå feberaktige høgder i åra rundt og etter 2005. Dette knytta godt an til meiningar innanfor politikk og media på denne tida. Der heit det seg at Arktis sto på terskelen til ei blomstrande tid for olje- og gassutvinning.  Men utviklinga av Shtokman-feltet tok aldri heilt av og blei til slutt avslutta i 2012. Skiferrevolusjonen i USA bidro til å drive gassprisene ned til utolelege nivå i dei amerikanske marknadene for gass, inkludert Shtokman-gass.

Brotne forhåpningar med djupe negative verknader

Kva gjør det med berørte samfunn når framtida ikkje blir så fager som ein hadde trudd?  Betyr ei skrinlagd framtid framleis noko? Forskinga mi frå Nordvest-Russland tyder ganske visst på eit ja, og kan hende i mykje lengre tid enn vi først trur. Eller som ein innbyggar og forretningsmann i Murmansk ordla seg:

“Olje- og gassindustrien … er til stades over alt i vår region. Uansett klarte Shtokman å påverke livskvaliteten vår til det betre og til det verre, samtidig.”

Dei som blei intervjua i prosjektet vårt – eit prosjekt som var del av det større NORRUSS-programmet finansiert av Norges forskningsråd – mintest som negativt i denne perioden dei oppdrivne prisene på husvere, overdrivent personleg forbruk og høg låntaking, og auka utflytting og mykje desillusjon mellom unge folk då Shtokman-prosjektet blei skrinlagd. Ein del hadde også valt utdanningsveg i trua på ein regional olje og gassboom det likevel aldri blei noko av.

Mange hadde også positive erfaringar med petroselskapa i regionen, mellom anna deira støtte til næringslivet, ikkje-statlege organisasjonar, ungdom og til kulturarrangement.

Avlyst gloriøs framtid er negativt uansett

Den blanda erfaringa som Murmansk-buarane la for dagen i desse intervjua er truleg ikkje unikt for Kolahalvøya eller Shtokman-prosjektet. Seinsommaren 2015 avblåste Shell leiteverksemd utanfor kysten av Alaska. Nyheita kom som ei så stor overrasking at mange foredragshaldarar på konferansen Alaska Oil and Gas Conference i september 2015 måtte unnskylde at presentasjonane deira plutseleg var blitt utdaterte.

Det er absolutt ikkje noko galt i å sjå inn i og føreseie framtida. Ja, ein kan argumentere med at dette er ei grunnleggande oppgåve i moderne styre og forretningsutvikling. I det siste hundreåret har det vekse fram institusjonar og metodar med oppgåve å analysere ulike framtidsscenario og kartlegge kva for vegar eit samfunn kan eller bør gå. Forventningar eller idear om framtida blir så utvikla vidare til konkrete handlingar som gjer det mest sannsynleg å nå målet.  For eksempel påverkar framtidsplanane i ein stat viktige beslutningar om infrastruktur, forsking og innovasjon, og om korleis ein skal finansiere utdanning, forsvar med meir.

Unikt for Arkis?

Eg undrast på om Arktis på noko vis inspirerer til særskilt store og detaljerte visjonar om framtida. Tanken om at Arktis vil få si eiga, eineståande framtid ulik både den globale og nasjonale, stammar truleg frå lang tid med førestillingar mellom forskarar og forfattarar om ein arktisk eksepsjonalisme.

Det større fokusest stammar også frå den store uvissa rundt og storleiken på den fysiske omforminga mange meiner Arktis står overfor som følge av globale klimaendringar.
Vidare er det slik at når arktiske samfunn og ressursar har blitt trukke inn i globale marknader, så har fokus for det meste lege på storskala utvikling av ressursar av internasjonal verdi. Slik einstads/‘single point’ økonomisk utvikling oppmuntrar kan hende til enkle og djerve syn på framtida. Med andre ord tenderer vi kanskje til å tenke enten–eller i samband med Arktis, om det blir “olje- og gassboom” eller “post-petroleum”. Sjeldan held vi fram ei økonomisk framtid som er kompleks og mangefasettert slik ein gjerne føreseier det for byar lenger sør.

Fortell heile historia – også om risiko

Det arktiske landskapet er i aukande grad prega av urealiserte spøkjelsesprosjekt eller skrinlagde framtider. Då må det bli ei hovudoppgåve for selskap og beslutningstakarar å legge fram ikkje berre dei storslagne sidene, men også å kommunisere grunnleggande uvisse i realiseringa av dei.  Ein må få fram at forventning ikkje er det same som at det er slik framtidssamfunnet vil sjå ut med same lovmessigheit som i ei naturlov.

Dette er viktig ettersom innbyggarane også i Arktis heile tida henter informasjon frå mange hald når dei vel kor dei vil bu, kva for utdanning dei vil ta eller kor mykje dei skal tru på lokale planar for næringsutvikling.
Eg trur det David Bowie vil minne oss om, er at morgondagen – som dagen i dag – vil bli komplisert og høyre dei til som lytter til all tekst, ikkje berre det dei liker å høyre.

Temaer

  • Økonomisk vekst
  • Arktis
  • Styring