Hopp til innhold
NUPI skole

NUPI får ros i instituttevaluering

NUPI får positiv omtale for relevant forsking og høg kvalitet i ei fersk evaluering av dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta.

VELLUKKA: - Vi skal vidareføre arbeidet med å tydeleggjere og spisse vår faglege satsing. Vi har lukkast godt i Forskningsrådet og med EU 2020-søknader, og skal fortsetje med det, seier NUPI-direktør Ulf Sverdrup

Foto: Shutterstock

VELLUKKA: - Vi skal vidareføre arbeidet med å tydeleggjere og spisse vår faglege satsing. Vi har lukkast godt i Forskningsrådet og med EU 2020-søknader, og skal fortsetje med det, seier NUPI-direktør Ulf Sverdrup

Foto: Shutterstock

I fjor nedsette Noregs Forskningsråd (NFR) eit panel med nordiske samfunnsvitarar for å evaluere norske forskingsinstitutt innan samfunnvitskap.

Totalt er 22 institutt, også NUPI, evaluert, og resultata blei publiserte 16. februar.

'Innovative og ambisiøse'

'NUPI er eit vellukka institutt av høg kvalitet. Det ser ut til å bli styrt på ein svært profesjonell måte av leiinga. NUPI er innovative og ambisiøse, og handterer utfordringar på ein systematisk måte,' skriv NFR-evalueringa.

- Vi etterstrever høg vitskapleg kvalitet. Vi skal drive med forsking som forklarer viktige samfunnsutfordringar, og forskinga vår skal hjelpe avgjerdstakarar til å ta informerte val, seier NUPI-direktør Ulf Sverdrup.

Blant dei 22 institutta som er evaluerte, er NUPI blant dei tre som publiserer mest akademisk litteratur. NUPI får ros for den klare strategien sin for å fortsetje å auke mengda «nivå 2»-artiklar instituttet produserer.

- Å publisere ei høg mengd publikasjonar internasjonalt er eit klart mål, og vi forventar av dei tilsette at dei jobbar hardt med dette. Vi har ein stab av dyktige forskarar som lukkast med det, seier Sverdrup.

Illustrasjon av utviklingen i akkumulerte publikasjonspoeng ved de ulike instituttene for hhv. 2007-2010 og 2011-2014.

Kilde: Evaluering av de samfunnsvitenskapelige forskningsinstituttene - panelrapport

Vellukka søknadsarbeid

Evalueringa viser at instituttsektoren er med på å auke talet på avlagte doktorgradar i Noreg. NUPI har som mål å produsere to slike årleg.

- Dette har vi lukkast med. Det er ein del av samfunnsoppdraget vårt, seier Sverdrup.

Eit av formåla med evalueringa er å gi råd om korleis institutta kan bli betre.

- Vi skal vidareføre arbeidet med å tydeleggjere og spisse vår faglege satsing. Vi har lukkast godt i Forskningsrådet og med EU 2020-søknader, og skal fortsetje med det. Samtidig vil vi leggje vekt på å ytterlegare forbetre dialogen vår med brukarar. NUPI skal kjenneteiknast av kvalitet, tiltru og relevans.

Scorar høgt

NFR-rapporten peikar på at dei samfunnsvitskaplege institutta speler ei viktig rolle i Noreg, og har positiv effekt på utviklinga av politikk og samfunn. Vidare tilrår rapporten at regjeringa fortset å investere i institutta.

- Evalueringa går gjennom korleis institutta scorar på ein del sentrale parametrar. Den målar oss på effektar av forskinga på samfunnet, kor nøgde brukarane er, og det er gjennomførd ein bibliometrisk studie av vitskapleg kvalitet. På alle desse tre skårar NUPI bra. Generelt er det slik at dei utanrikspolitiske institutta - PRIO, FNI, CMI og NUPI - scorar veldig godt, seier Sverdrup.

'Eit gode for Noreg'

Hovudbodskapen i NFR-evalueringa er at dei norske samfunnvitskapelege institutta er eit gode for Noreg, og at politikken på feltet bør verdsetje både sektoren som heilheit og kvart individuelt institutt.

- Det er veldig positivt at evalueringa framhevar verdien av instituttsektoren. Den skisserer nokre måtar rammevilkåra for sektoren kan bli betre på, for eksempel når det gjeld basisfinansiering. Evalueringa supplerer ein del andre forskingspolitiske dokument som kanskje ikkje på same måte har understreka verdien av instituttsektoren, avsluttar Sverdrup.

Temaer

Fakta

Evaluering av dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta - panelrapport
I 2016 nedsette Noregs forskningsråd (NFR) eit panel av nordiske samfunnsvitarar for å få ei evaluering av institutta innanfor den samfunnsvitskaplege “konkurransearenaen” i det norske instituttsystemet.

Hovudtemaa for evalueringa var

• Institutta sin relevans og nytte for offentleg forvalting, næringsliv og samfunn
• Institutta sin kvalitet og kompetanse
• Institutta sine moglegheiter for rekruttering og forskarutdanning
• Institutta sin struktur og rolle i FOU-systemet
• Institutta sin internasjonale samarbeid
• Institutta sine rammevilkår

Kunnskapsmaterialet panelet hadde tilgang til omfatta eigenevalueringar utarbeidt av institutta, intervjuar med instituttleiarar, offisielle policydokument, Forskningsrådets årsrapportar for institutta og data frå Instituttdatabasen til NIFU, resultata frå ei spørjeundersøking sende ut til brukarar og partnerar av institutta inkludert ein analyse av institutta sine utsegn om eigen innverknad på samfunnet, og ein analyse av Institutta si publisering, primært basert på bidrag til vitskapleg litteratur.

Kjelde: Evaluering av dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta - panelrapport