Hopp til innhold
NUPI skole

Mellomstatleg samarbeid om naturressursar i Aust-Afrika

Korleis kan mellomstatleg samarbeid om naturvern og forvaltning av naturressursar i Aust-Afrika bidra til å skape fredeleg sameksistens i ei krigssone? Eit eksempel frå Uganda-Rwanda-DR Kongo kan vere lovande.
The image shows a baby and a mother mountain gorilla

IT ALL STARTED WITH GORILLAS: In the 1990s, rangers in the border areas between Rwanda, DR Congo and Uganda started to work together to monitor endangered mountain gorillas. Since then, the collaboration between the three countries has expanded.

Photograph: Carine06/Wikimedia Commons/CC BY-SA 2.0

IT ALL STARTED WITH GORILLAS: In the 1990s, rangers in the border areas between Rwanda, DR Congo and Uganda started to work together to monitor endangered mountain gorillas. Since then, the collaboration between the three countries has expanded.

Photograph: Carine06/Wikimedia Commons/CC BY-SA 2.0

26. november møttest fleire aktørar i Kigali, Rwanda til ein konferanse om å bygge vidare på samarbeidet om naturvern og forvaltning av naturressursar i grenseområde mellom DRC, Rwanda og Uganda. Konferansen vart organisert av Greater Virunga Transboundary Collaboration (GVTC) i samarbeid med FN sin spesialutsending til dei store sjøane (Great Lakes Region).

Samarbeidet finn stad i Greater Virunga Landscape. Det omfattar fleire beskytta område, og er – som resten av DRC og naboland – rike på naturressursar som gull, tømmer, ulike dyr og fisk, samt produkta trekull og elfenbein. Men den vanskelege sikkerheitssituasjonen gjer det komplisert å utnytte desse ressursane, og set levekåra til dei lokale under press og held potensielle inntekter vekke frå statane.

Levekår og naturressursar

To eksempel som vart diskutert på konferansen viser til nokre av utfordringane i området. Den fyrste er lidinga til lokalbefolkninga, eksemplifisert med massedrap rundt byen Beni i dei nordlege delane av parken, spesielt ein massakre i august 2016 av kring 20 jordbrukarar. Bøndene, utan andre alternativ, arbeidde innafor grensene av parken, eit område der ulike væpna grupper søkjer tilflukt og som dei beskyttar med valdelege middel.

Biletet visar David Gressley (DRSRG MONUSCO), Daniel Ruiz (MONUSCO), Virunga National Park Director Emmanuel de Merode, Colonel Leon Mahoungou (Expanded Joint Verification Mechanism).

David Gressley (DRSRG MONUSCO), Daniel Ruiz (MONUSCO), Virunga National Park Director Emmanuel de Merode, Colonel Leon Mahoungou (Expanded Joint Verification Mechanism) diskuterer fred og tryggleik i Greater Virunga Landscape (GVL).

Foto: GTVC

Den andre er ulovleg utførsel av naturressursar. Elfenbein er ein av dei. Ein reknar med at kring 5000 kilo vart tatt ut av ulovleg i 2017, men talet er sannsynlegvis høgare. Ein annan er trekull. Trekull vert brukt av dei fleste folka i området for matlaging – noko som også er tilfelle i store deler av Afrika. Ein relatert utfordring av tømmerhogst og omgjering til trekull er hogsten i seg sjølv. Ein annan er at inntekter frå trekullhandelen nesten utelukkande går til å finansiere the Democratic Forces for the Liberation of Rwanda (FDLR) (sjå for eksempel her).

Formalisere mellomstatleg samarbeid

På 1990-talet byrja skogvaktarane å overvake den utryddingstrua fjellgorillaen. Sidan dess har samarbeidet mellom dei tre landa ekspandert, og formalisert gjennom signering av the Greater Virunga Transboundary Collaboration Treaty (GVTC) i 2015. I dag inkluderer samarbeidet naturvern samt utvikling av turistindustrien. Grunna stort nærvær av væpna grupper i området har mange skogvaktarar mista livet og dei lokale levekåra har vorte sett under press.

Konferansen i Kigali var eit forsøk på å bygga vidare på dette initiativet. I tida framover vart det peika på som naudsynt at dei tre statane som eig initiativet også finansierer det. Nederland finansierer initiativet per nå, men vil minke dette frå og med 2019, og håper dei tre regjeringane fyller inn.

Ein modell for mellom-statleg samarbeid?

Utfordringane i dette området er store og kan ikkje berre verta løyste gjennom mellomstatleg samarbeid om naturvern og forvaltning av naturressursar. Samarbeidet kan, likevel, verte ein endringsagent i området, og inspirasjon og modell for samarbeid mellom desse tre landa også på andre felt. Dette området har lenge vore eit konfliktfylt område, men det er også eit område med enorme rikdommar som kan verte kraft for fred.

Sjå også GVTC sin eigen tekst frå konferansen, samt den rwandiske avisa The New Times’ artikkel Conservationists in fresh bid for Greater Virunga Transboundary collaboration to protect wildlife.

Denne saken er skriven av Bård Drange som deltok på konferansen i Kigali 26. november 2018 gjennom TaxCapDev-nettverket.

Temaer

  • Utviklingspolitikk
  • Afrika
  • Konflikt