Hopp til innhold
NUPI skole

Kvardagsnasjonalisme i Russland sin krig mot Ukraina

I denne episoden av NUPI-podkasten «The World Stage» tek vi ein nærare kikk på kvardagsnasjonalisme.

REPRODUSERER NASJONEN: Kvardagsnasjonalisme handlar mellom anna om korleis folk forbruker, reproduserer og utfordrar nasjonen gjennom vanlege daglege praksisar. Biledet er teke på Russland sin nasjonaldag 12. juni 2024.

Photo: NTB

Personer

Natalia Moen-Larsen
Seniorforsker
J. Paul Goode
McMillian Chair in Russian Studies and Associate Professor at Carleton University
Marthe Handå Myhre
Senior researcher at the Norwegian Institute for Urban and regional research (NIBR), Oslo Metropolitan University

12. juni feira Russland nasjonaldagen sin. Denne dagen blir markert med konsertar og feiringar i alle regionar i den russiske føderasjonen. I år viste nyheitene på Russlands statseigde TV-kanal Rossiya 1 bilete frå Kherson-regionen, eit ukrainsk territorium annektert av Russland i september 2022. I klippet lagar tenåringar småkaker dekorerte i dei tre fargane til det russiske flagget. Ifølgje forteljarstemma skulle desse småkakene givast til deltakarar i «spesialoperasjonen» i Ukraina – ein eufemisme for Russlands krig mot Ukraina. På denne måten prøver russisk propaganda å normalisere eit syn på dei "nye regionane" som ein del av Russland, og dermed potensielt utvide grensene for den russiske nasjonen.

I denne episoden av NUPI-podkasten «The World Stage» tek vi ein nærare titt på kvardagsnasjonalisme. Det handlar mellom anna om korleis folk forbruker, reproduserer og utfordrar nasjonen gjennom vanlege daglege praksisar. Vi snakkar også om kvardagsnasjonalistiske praksisar som finn stad i Russland og Ukraina, medan Russlands krig mot Ukraina går føre seg. Til slutt snakkar vi om propagandaen om krigen som dagleg blir formidla til vanlege russarar gjennom statleg fjernsyn.

Her vil du høyre frå J. Paul Goode, McMillian Chair i russiske studiar og førsteamanuensis ved Carleton University, Marthe Handå Myhre, seniorforskar ved Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR) ved OsloMet og Natalia Moen-Larsen, seniorforskar ved NUPI.

Podkastepisoden er produsert som ein del av Russlandsnettverket (RUSSNETT).

Temaer

  • Russland og Eurasia
  • Nasjonalisme

Personer

Natalia Moen-Larsen
Seniorforsker
J. Paul Goode
McMillian Chair in Russian Studies and Associate Professor at Carleton University
Marthe Handå Myhre
Senior researcher at the Norwegian Institute for Urban and regional research (NIBR), Oslo Metropolitan University