Hopp til innhold
NUPI skole

Korleis posisjonerer Norden seg i det nye europeiske tryggleikslandskapet?

Det undersøkjer forskarar frå NUPI og andre nordiske forskingsinstitutt i ein ny fellesrapport.

NORDEFCO viktig: Nordisk samarbeid og samanheng tek form innan spesifikke rammeverk, slik som bilaterale band og Nordisk forsvarssamarbeid (NORDEFCO), men felles nordiske posisjonar og interesser blir  sjeldan hevda i dei større europeiske plattformene for tryggingssamarbeid, viser den nye rapporten. Biletet viser Noregs tryggleiksminister Frank Bakke-Jensen på pressetreff for det nordiske tryggleikssamarbeidet (NORDEFCO) i 2019. 

Foto: NTB Scanpix

NORDEFCO viktig: Nordisk samarbeid og samanheng tek form innan spesifikke rammeverk, slik som bilaterale band og Nordisk forsvarssamarbeid (NORDEFCO), men felles nordiske posisjonar og interesser blir  sjeldan hevda i dei større europeiske plattformene for tryggingssamarbeid, viser den nye rapporten. Biletet viser Noregs tryggleiksminister Frank Bakke-Jensen på pressetreff for det nordiske tryggleikssamarbeidet (NORDEFCO) i 2019. 

Foto: NTB Scanpix

Rapporten The Nordics and the New European Security Architecture ser nærmare på den stadig meir kompakte europeiske tryggleiksarkitekturen - med andre ord dei mange multinasjonale tryggleiks- og forsvarsinitiativa som har oppstått i løpet av dei seinare åra.

Rapporten, som blei publisert i mars 2020, gir ein oversikt over format for samarbeid og analyserer kva rolle desse speler for dei nordiske landa. Den byr også på landspesifikke bidrag frå nasjonale ekspertar om korleis Noreg, Sverige, Finland, og Danmark navigerer og posisjonerer seg innan den nye arkitekturen.

- Nordisk samarbeid underordna

Forum og mekanismar for tryggingssamarbeid i Europa har utvikla seg raskt i seinare tid. Nyvinningar som Permanent Structured Cooperation (PESCO), European Defence Fund (EDF), Joint Expeditionary Forces (JEF), Framework Nation Concept (FNC) og European Intervention Initiative (EI2) har alle kome til på eit felt som frå tidligare er rikt på akronym.

Den nye rapporten samanfatter den siste utviklinga i europeisk tryggingssamarbeid, analyserer verdien av dei nye strukturane og drøfter kva desse kan tyde for nordisk tryggleik og for dei nordiske statane.

- Dei nordiske statane engasjerer seg i desse initiativa fyrst og fremst for å byggje sterke mellomstatlege forhold til Europas stormakter - mens nordisk samarbeid ser ut til å vere meir underordna, forklarer seniorforskar Karsten Friis (NUPI).

Saman med tidlegare kollega Maren Garberg Bredesen har Friis skrive kapittelet om Noreg i rapporten.

Påfallande like posisjonar

Frå eit nordisk perspektiv er det påfallande at Noreg, Sverige, Danmark og Finland - som har svært ulike tilnærmingar til EU- og NATO-medlemskap og til EU sin forsvarspolitikk og eurosamarbeidet - har nokså like posisjonar når det gjeld dei nye tryggleiksformata i Europa.

Frå ulike posisjonar, og med i nokon grad ulike argument, freistar alle desse landa å hauste fruktene av dei nye EU-strukturane og har delteke i «mini-laterale» grupperingar rundt storspelarar som Frankrike, Tyskland og Storbritannia.

Dette samanfallet i institusjonelle val bør likevel ikkje tolkast som ei bølgje av «nordisme» - altså dei nordiske statane som ei politisk kraft.

Gjekk du glipp av disse seminara? Sjå dei i opptak på YouTube: 

Tvert imot viser rapporten korleis nordisk samarbeid og samanheng tek form innan spesifikke rammeverk, slik som bilaterale band og Nordisk forsvarssamarbeid (NORDEFCO), men sjeldan utanfor desse formata. Felles nordiske posisjonar og interesser blir med andre ord sjeldan hevda i dei større europeiske plattformene for tryggingssamarbeid.

- Likevel, ein fordel med at alle dei nordiske landa deltek på nye samarbeidsplattformer er forbetra samspel og betre måtar å samarbeide på, konkluderer Friis.

Teksten byggjer på denne artikkelen, publisert av svenske Uterikespolitiska Institutet (UI). Oversatt av NUPI.

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • NATO
  • Europa
  • Norden
  • EU