Hopp til innhold
NUPI skole

Korleis forstå det motsetningsfylte Frankrike?

Kvifor veks stadig høgrepopulismen i Frankrike til nye høgder? Kvifor streikar franskmenn så ofte? Kvifor er Frankrike så aktiv på den internasjonale arenaen? No er boka «Franske tilstandar» ute på Universitetsforlaget.
FV-PernilleRieker_KjerstinAukrust[72]_169_small.jpg

PARADOKS: – Ifølgje den franske forfattaren og eventyraren Sylvain Tesson er Frankrike eit paradis med eit folk som trur dei er i helvete, seier NUPI-forskar Pernille Rieker (t.v.), som er redaktør for "Franske tilstander" saman med Kjerstin Aukrust (UiO) (t.h.).

Foto: Universitetsforlaget

Personer

Pernille Rieker
Forsker I
Kjerstin Aukrust
Førsteamanuensis, Institutt for litteratur, områdestudier og europeiske språk, UiO

Sjølv om Frankrike er godt kjent for nordmenn flest både som ferieland, matland og kulturell høgborg, har landet lett for å halde fram med å vere ei gåte. Kvifor er tilliten til franske politikarar så låg? Kva kan forklare den høge terrortrusselen i landet? Og kor langt har eigentleg likestillinga komme i Simone de Beauvoirs fødeland?

Det er nokre av spørsmåla ei rekkje norske ekspertar dykkar ned i i den nye boka «Franske tilstandar» (Universitetsforlaget).

–  Denne boka er viktig fordi det er den første boka på norsk som gir eit innblikk i fransk politikk og samfunnsliv. Frankrike er lite dekt i norsk media, i alle fall samanlikna med USA og Storbritannia. Mange synest at landet er litt vanskeleg å forstå - at fransk kultur er litt framand, seier NUPI-forskar Pernille Rieker, som er redaktør for boka saman med førsteamanuensis Kjerstin Aukrust (UiO).

Med «Franske tilstandar» ønskjer redaktørane å bøte på dette.

Eit elitesamfunn

Redaktørane peikar innleiingsvis på at franskmenn ofte sest på som litt arrogante.

– Eg trur det har samanheng med at ein kan mindre om Frankrike enn om Storbritannia og Tyskland. Færre meistrar det franske språket godt. Dei av oss som kan fransk oppfattar nok også franskmenn som mindre arrogante. Men det er jo ein snev av sanning her òg. Frankrike er, i motsetning til Noreg eit elitesamfunn og franskmenn har ofte ganske høge tankar om betydninga i landet, ofte med ei historisk grunngiving, seier Rieker.

Likevel er franskmenn også eit sjølvkritisk folk, ifølgje NUPI-forskaren.

– Dei er stadig misfornøgde, streikar og protesterer meir enn andre utan at dei kanskje har det så mykje verre enn andre. Ifølgje den franske forfattaren og eventyraren Sylvain Tesson er Frankrike eit paradis med eit folk som trur dei er i helvete. 

Fransk identitet og kultur

–  Ideen om «grandeur», eller fransk stordom, står veldig sterkt. Frankrike ønskjer å bli oppfatta som ein stor nasjon, både innanfor rammene av EU, som ein frontkjempar i klimakampen og mot internasjonal terrorisme, og som ein viktig spelar i internasjonal politikk. Sjølv om Frankrike på mange måtar er eit splitta land er det også fleire ting som sameiner dei, og lesaren av boka vil verkeleg komme under huda på det som må seiast å vere eit av verdas aller mest interessante land, seier Kjerstin Aukrust.

Når Pernille Rieker ser tilbake på OL-opninga i sommar i Paris, er det liten tvil om at idear om fransk stordom spegla seg av i han.

–  Opningsseremonien var spektakulær og så fransk som ein kan få det. Ulike sider ved fransk kultur vart vektlagde. Den viste tydeleg kva verdiar det franske samfunnet står for – trass det politiske dramaet som landet står midt oppe i. Det viste også tydeleg at fransk historie kultur ikkje berre har vore viktig for Frankrike, men for heile den vestlege sivilisasjonen, seier ho.

 

Temaer

  • Terrorisme og ekstremisme
  • Økonomisk vekst
  • Diplomati
  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Klima
  • Styring
  • EU

Personer

Pernille Rieker
Forsker I
Kjerstin Aukrust
Førsteamanuensis, Institutt for litteratur, områdestudier og europeiske språk, UiO