Bjørnen og triangelet
DIPLOMATISK OFFENSIV: Kina sin president Xi Jinping ynskjer EU-kommisjonen sin president Jean-Claude Juncker velkommen til G20-møtet i Hangzhou i Kina i september 2016.
The bear and the EU-China-US triangle: Transatlantic and Russian influences on EU’s “pivot to Asia” reiser to beslekta poeng i samanheng med EU sitt forsøk på å få til ei såkalla vending mot Asia. For det fyrste blir europeisk politikk overfor Kina forma ikkje berre av den europeiske konteksten og reaksjonane frå Kina gjennom den bilaterale tilknytinga. USA speler også ei aktiv og framståande rolle, og legg dermed til ein triangulær faktor til EU sin respons på den viktigaste geopolitiske utviklinga vi har sett i dette hundreåret: Kina si vekst.
Gjennom analyse av eit breitt spekter av akademisk litteratur, policy-dokument og europeisk debatt om korleis denne transatlantiske faktoren i europeisk Asia-policy bør handterast, blir fire overordna policy-erkjenningar identifisert i artikkelen: Samarbeid, samordning, konkurranse og konflikt. Kvar av desse fire vitna om ein ny plass for den transatlantiske alliansen i framtidas EU-policy overfor Kina og Øst-Asia.
For det andre følgjer det av den triangulære aspekten ved EU sitt forhold til Kina at ein bør vie særleg merksemd til faktorar som påverkar alle dei tre hjørna av denne trekantstrukturen. Hovudfaktoren blant desse er per i dag Russland, som i stadig større grad og på ulike arenaer påverkar både EU sitt, Kina sin og USA sin politikk. Som ein test-case undersøkjer denne artikkelen korleis Kremls stadig meir kategoriske politikk under Vladimir Putin påverkar forholdet EU-Kina-USA, og viser korleis Russland direkte og indirekte har påverka EU si evne til og motivasjon for den diplomatiske offensiven til unionen overfor Kina og Asia.