Hopp til innhold
NUPI skole

Asia skyt fart - kva inneber det?

'Connectivity' stod øvst på agendaen då NUPI og UD arrangerte konferanse.
Bildet viser Arne Melchior, Theresa Fallon, Yun Sun og Hans jørgen Gaasemyr

Ekspertar: F.v.: Arne Melchior (NUPI), Theresa Fallon (CREAS), Yun Sun (Stimson Center) og Hans Jørgen Gåsemyr (NUPI og UiB).

Foto: Ane Teksum Isbrekken/NUPI

Ekspertar: F.v.: Arne Melchior (NUPI), Theresa Fallon (CREAS), Yun Sun (Stimson Center) og Hans Jørgen Gåsemyr (NUPI og UiB).

Foto: Ane Teksum Isbrekken/NUPI

- Asia sin framgang er den mest dramatiske endringa verdsøkonomien har vore vitne til dei siste 40 åra.

Slik opna statssekretær Marianne Hagen (Utenriksdepartementet) halvdagskonferansen i høve ASEM-dagen, som blei markert på NUPI i samarbeid med UD måndag 5. mars, som blant anna tok for seg handel, infrastruktur og forholdet mellom Europa og Asia i høve ASEM-dagen denne veka.

Internasjonalt ekspertpanel

ASEM (Asia-Europe Meeting) er ein organisasjon med 51 medlemsland og to organisasjonar som blei etablert i 1996 for å fremje dialog og samarbeid mellom Europa og Asia.

- Noreg blei med i ASEM i 2012. For Noreg har ASEM blitt ei viktig plattform for kontakt med asiatiske land, og også ei viktig plattform for å diskutere korleis ein skal stille seg til asiatiske land og økonomiar med europeiske partnerar, sa NUPI-direktør Ulf Sverdrup då han ønskte konferansedeltakarane velkommen.

I ekspertpanelet sat seniorforskar Yun Sun (Stimson Center, Washington), Theresa Fallon (direktør, CREAS) og NUPI-forskarane Arne Melchior og Hans Jørgen Gåsemyr.

Sjå heile konferansen her:

Byggjer bru mellom verdsdelar

Eit viktig tema for ASEM er 'connectivity' - eller samankopling. Det var også hovudtema for måndagens halvdagskonferanse, som hadde tittelen «Et meir samankopla Asia - nye moglegheiter i Europa?».

- 'Connectivity' er eit 'buzzord' i vår tid. Handel og infrastrukturprosjekt skyt fart i Asia, og vi ser stor innsats for å byggje bru mellom Asia og Europa, sa Sverdrup fyrst.

Les også:

Det største og mest aktuelle prosjektet er heilt klart Kina sitt «Belte-og-veg»-initiativ - ein utviklingsstrategi utforma av den kinesiske regjeringa for å skape tettare samankopling og handel mellom nett Kina og ei lange rekke land i, og utanfor Eurasia.

Yun Sun, som forskar på kinesisk utanrikspolitikk, snakka om motivasjonen bak, avgrensingane ved, og korleis ein skal implementere Belte-og-veg-initiativet (BRI).

- BRI er ein storarta plan med potensial til å endre geopolitikk og geoøkonomi i Eurasia og Asia-Stillehavsregionen i dei komande tiåra, sa ho.

Les også:

- Kan skade europeisk handel

Analytiker Theresa Fallon understreka kor viktig Asia er for europeisk økonomi:

- EU er den største handelspartnaren til Kina og den største investoren i ASEAN. EU sine utanrikspolitiske interesser føreset at det er trygt å handle med Asia. Dersom noko skjer i denne regionen kan det skade europeisk handel, særleg gjeld dette dei maritime rutene.

Før paneldiskusjonen måndag gav seniorforskar Arne Melchior (NUPI) ei oversikt over dei økonomiske konsekvensane av BRI, samt kven som kjem til å tene - og tape - på den kinesiske storplanen.

I vidare forskning vil Melchior nytta ein eigenutvikla økonomisk modell for å sjå nærmare på nett desse problemstillingane, i samarbeid med forskarkollegaer som vil studere dei utanrikspolitiske sidene.

Interessert i Asia? Hald deg oppdatert på nye publikasjonar, arrangement og nyheiter om NUPI sine Asia-forsking på nettsidene til forskingssenteret vårt på Europa-Asia (NEAR).

Temaer

  • Internasjonal økonomi
  • Handel
  • Europa
  • Russland og Eurasia
  • Asia
  • Internasjonale organisasjoner
  • EU

Fakta

CONNECTIVITY

Omfattar alle typar transportsamband (land, hav, luft), så vel som digitale- og energikoblingar i den Euro-Asiatiske regionen. Desse nettverka er både fysiske nettverk, og institusjonelle lover og praksisar som gjer dei kompatible. Gjeld også tollsamarbeid og tilrettelegging for handel, og folk-til-folk-dimensjonen med utveksling innan felta handel, forsking, innovasjon, kultur og turisme.

Kjelde: ASEM