Hopp til innhold
NUPI skole
231122-Russia-Nationalism.png

Arrangement

Russlands «krigsnasjonalisme»: Korleis nasjonalistisk retorikk førebudde grunnen for invasjonen av Ukraina

I forkant av Russlands fullskala angrep på Ukraina fekk ulike nasjonalistiske vendingar gradvis større plass i russisk offisiell retorikk. Kva kan ein studie av regimets «krigsnasjonalisme» fortelje oss om identitetsdimensjonen til den noverande konflikten?
23 november 2022
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Russland og Eurasia
  • Nasjonalisme
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt

Konflikten i og rundt Ukraina i 2014 var på mange måtar eit vendepunkt for russisk politikk. Frå anneksjonen av Krim i mars 2014 til invasjonen i 2022 har russiske styresmakters retorikk i stigande grad innehalde nasjonalistiske argument. 

Mens enkelte analytikarar meiner invasjonen kan forklarast med utgangspunkt i spørsmål om nasjonal tryggleik og maktbalanse, hevdar andre at Putin-regimet er drive av frykt for demokratisering. Men kva med identitetsdimensjonen? Ein studie av bruken til regimet av nasjonalistisk retorikk viser tydeleg korleis Ukraina har blitt konstruert som ein trussel mot russisk identitet og ein eksistensiell trussel for Russland.

På seminaret vil Jules Sergei Fediunin presentere funn frå ein analyse av tekstar og dokument skrapet frå nettsidene til Kreml, Statsdumaen og det russiske utanriksdepartementet. Basert på denne tekstsamlinga har Fediunin saman med kollegaer undersøkt korleis betydninga av utvalde nasjonalistiske tropar, slik som «russofobi», «avrussifisering» og «nasjonale forrædarar», over tid har endra både betydning og referanseobjekt. Identitetsproduksjonen til regimet har dermed komme nasjonalistisk kritikk i forkjøpet og samtidig mobilisert mot utanlandske og heimlege regimekritiske krefter. Resultatet kan forståast som ei form for «krigsnasjonalisme» som har bidratt til å førebu grunnen for den såkalla «militære spesialoperasjonen» i Ukraina.
 

Sjå strøyming av seminaret på YouTube (du skal ikkje melde deg på om du berre skal følgje oss digitalt):

Hovedtaler

Sergei Fediunin
Postdoktor, École des hautes études en sciences sociales, Paris

Ordstyrer

Tora Berge Naterstad
Former employee
23 november 2022
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Russland og Eurasia
  • Nasjonalisme
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt