Hopp til innhold
NUPI skole
090522-russland-protester.png

Arrangement

Protestpotensial og protestrealitetar: Gapet mellom intensjon og handling i Russland i 2022

Responsen i det russiske samfunnet på Putins krig mot Ukraina er vanskeleg å måle. Anekdotiske bevis og støttedemonstrasjonar tyder på ei konsolidering rundt staten og president Putin, mens protestar og kvardagsmotstand kan tyde på veksande opposisjon. Korleis kan vi tolke desse motstridande signala i eit lukka system slik som det russiske?
09 mai 2022
11:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
C.J. Hambrosplass 2 D / Livestream til Facebook og Youtube
Seminar

Temaer

  • Russland og Eurasia
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt

Dette spørsmålet er utgangspunktet for Regina Smyth's presentasjon, der ho på bakgrunn av meiningsmålingsdata om protestpotensial i den russiske befolkninga samla inn våren 2021, diskuterer faktorar som påverkar mobilisering og passivitet i møte med krigen i Ukraina. 

Forsøk på å måle protestpotensialet i autoritære samfunn undervurderer ofte folks intensjon om å protestere og overvurderer faktisk protestdeltaking. Desse feilprediksjonane stammar frå same årsak: variasjon i opplevinga av urettferd og den sannsynlege responsen til staten på protestar. Data om russiske protesthaldningar samla inn våren 2021, viser eit svært stort protestpotensial over heile Russland. Trass i dette førte verken det rigga valet i september 2021 eller den første fasen av Russlands krig mot Ukraina til omfattande protestar. Statleg undertrykking, desinformasjon og politisk apati kan forklare gapet mellom intensjon og handling. Samtidig antydar funna at mobilisering kan skje raskt dersom dei politiske omstenda skulle endre seg. 

Regina Smyth er professor i statsvitskap ved Indiana University, Bloomington. Smyth studerer politisk deltaking og samfunnsorganisasjon i autoritære statar. Hennar nyaste bok, Elections, Protest, and Authoritarian Regime Stability, Russia 2008-2020, utforskar korleis opposisjon i samfunnet og elitestrategiar som kopla saman protestar og val, destabiliserte Putin-regimet og førte til autoritær konsolidering.

Arrangementet blir organisert i samarbeid med prosjektet LegitRuss.

Taler

Regina Smyth
Professor i statsvitenskap ved Indiana University, Bloomington
09 mai 2022
11:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
C.J. Hambrosplass 2 D / Livestream til Facebook og Youtube
Seminar

Temaer

  • Russland og Eurasia
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt