Arrangement
Mindreårige i terrororganisasjonar: radikaliseringsprosessar og intervensjon
Ver vennleg og merk at dette arrangementet blir halde i Undervisningsrom 1 i Georg Sverdrups hus, Universitetet i Oslo.
Mellom 2014 og 2021 har fem mindreårige i alderen 14-18 år blitt dømd i Spania for medlemskap i ein jihadistisk terrororganisasjon. På dette seminaret skal vi analysere radikaliseringsprosessen deira, og intervensjonen som har blitt sett i verk for å redusere radikalisering og risikoen for valdeleg ekstremisme.
Seminaret vil først vurdere hovudtrekka i radikaliseringsprosessane til desse mindreårige med ein tredimensjonal analyse på mikro-, meso- og makronivå. Deretter vil også dei psykososiale og pedagogiske individualiserte programma (utført av Agency for the Reeducation and Reintegration of Young Offenders) bli analysert.
Samla viser dette radikaliseringas mangfaldige og multifaktorielle karakter. Det vil også vise korleis intervensjonsprogram er nødvendig, men utilstrekkeleg i de-radikaliseringen av mindreårige.
Dr. Rogelio Alonso er professor i politikk ved Rey Juan Carlos-universitetet i Madrid, der han koordinerer masterprogrammet i analyse og førebygging av terrorisme. Han har vore medlem av EU-kommisjonens ekspertgruppe for valdeleg radikalisering, og medlem av redaksjonen for Center of Excellence of the Radicalization Awareness Network (RAN Coe), og dessutan seniorrådgivar i terrornedkjemping for den spanske regjeringa, foreles ved The School of Politics ved University of Ulster, og forskar ved The Institute of Irish Studies og The Institute of Governance, Public Policy and Social Research: begge ved The Queen's University of Belfast.
Han har fått fleire internasjonale prisar for publikasjonane sine om politisk vald, radikalisering, mediedekning av terrorkonfliktar og offer for terrorisme. Han har vore hovudetterforskar for ei rekkje internasjonale prosjekt om terrorisme og antiterrorisme sponsa, blant anna av EU-kommisjonen og det amerikanske forsvarsdepartementet gjennom Minerva-initiativet. Han er medlem av redaksjonen for tidsskrift som Terrorism and Political Violence, Studies in Conflict & Terrorism og Democracy and Security.