Arrangement
Havrett og det austlege Middelhavet
Spørsmål rundt havrett i den austlege delen av Middelhavet og suverenitet i Egearhavet påverkar mange område, som demilitarisering av teritorielle område, av nasjonalt luftrom og av eksklusive økonomiske soner.
Hellas' utanriksminister Nikolaos Dendias skal 16. februar halda eit innlegg med tittelen “Implementing the UN Convention on the Law of the Sea-The Aegean Sea and the Eastern Mediterranean as a case study”.
Etter innlegget til utanriksministeren vil han delta i ein samtale med Tore Henriksen. Han er dekan ved Juridisk fakultet på Universitetet i Tromsø. Noreg har stor erfaring med dette temaet, m.a. gjennom arbeidet med Havrettskonvensjonen i Polhavet som Noreg, Russland, Canada og Danmark har slutta seg til, og i samband med delelinjeforhandlingane med Russland over område i Barentshavet. Samtalen blir leidd av NUPI-direktør Ulf Sverdrup.
Det vil vera mogleg å stilla deltakarane spørsmål i chatten på direktestrøyminga.