Hopp til innhold
NUPI skole
Seminar 300822 Putin tradisjonelle verdier.jpg
Photo: NTB/Scanpix

Arrangement

Kor viktige er tradisjonelle verdiar for oppslutninga om Putin?

Mister Putin meir støtte enn han vinn når han snakkar om konservative verdiar?
30 august 2022
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Russland og Eurasia
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt

I løpet av det siste tiåret har Putin-regimet i aukande grad basert legitimeringsstrategien sin på støtte til «tradisjonelle» russiske verdiar. Kreml har blant anna appellert til religion og angripe personar som bryt med tradisjonelle normer for kjønn og seksualitet. Vi veit likevel svært lite om denne strategien faktisk har fungert. Dette reflekterer eit stort gap i forståinga vår av autoritær legitimering: Kan regimelegitimitet styrkjast av illiberale «tradisjonalistiske» appellar?

På seminaret vil Henry Hale diskutere i kva grad tradisjonelle verdiar faktisk er ei kjelde til støtte for Putin. Dette gjer han ved å analysere data frå spørjeundersøkinga for Legitruss-prosjektet frå 2021, som stilte eit representativt utval av den russiske befolkninga ei rekkje relevante spørsmål. Undersøkinga inkluderte også fleire surveyeksperimenter utforma for å kunne setje fingeren på nettopp kva som fører til kva.

Hale viser at sjølv om folk i prinsippet har ein tendens til å sjå Putin som ein moralsk autoritet, er det lite som tyder på at den russiske presidenten faktisk vinnar noko særleg støtte på utsegnene sine om religion og LHBTIQ-spørsmål. I enkelte tilfelle ser han tvert imot ut til å tape på det. Dette er fordi innbyggjarane i Russland, overraskande nok, framleis ser på Putin som forsiktig eller til og med moderat i sosiale spørsmål, eit syn som stemmer godt overeins med korleis Putin har ein posisjonert seg i fleire andre samanhengar.

Henry E. Hale er professor i statsvitskap og internasjonal politikk ved Elliott School of International Affairs, George Washington University.

Seminaret blir leidd av Helge Blakkisrud og blir halde i NUPIs lokale frå 09 til 10.30. Om du ikkje har høve til å komme, kan du også følgje oss direkte på YouTube-kanalen vår.

Taler

Henry E. Hale
Professor, Elliott School of International Affairs, George Washington University
30 august 2022
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Russland og Eurasia
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt