Hopp til innhold
NUPI skole
300522-Green-finance.png

Arrangement

Grøn finansiering i det globale sør – kan det bidra til å få bukt med klimaendringane og styrke berekraftig utvikling?

Korleis kan klimainvesteringar bidra til å få bukt med klimaendringar og samtidig skape ei rettferdig og berekraftig utvikling?
30 mai 2022
16:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI/Livestream til Facebook og Youtube
Seminar

Temaer

  • Internasjonale investeringer
  • Utviklingspolitikk
  • Klima
  • Energi
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt

 Å få bukt med klimaendringar krev investering i fornybar energi, ombygging av bygningar, auka energieffektivitet, utviding av rein transport og berekraftig areal- og skogbruk. Det krevst også brei investering i klimatilpassing, der nokre av løysingane er naturbaserte og krev skogplanting, restaurering av våtmarker og mangrovetre. Mykje av denne finansieringa må komme frå finanssektoren.

Mange utviklingsland i sør merkar allereie konsekvensane av dei farlege klimaendringane, og dette vil berre bli verre i dei kommande tiåra. På den andre sida har utviklingslanda eineståande moglegheiter for å fremje klimatiltak og berekraftig vekst. Den kommande overgangen til ei lågutsleppsverd må likevel vere rettferdig og inkluderande – det må vere ein «rettferdig overgang».

Korleis kan vi sørgje for at finanssektoren støttar denne rettferdige overgangen? Kva kan styresmaktene og nøkkelaktørar i utviklingslanda gjere for å tiltrekkje seg finanssektoren? Kva styringsstrukturar er nødvendig for at finansielle ressursar skal fordelast på rett måte, og at desse støttene både klimatilpassing, utsleppsreduksjon og breiare berekraftsmål?  Kva rolle kan Noreg spele i denne prosessen – både som eit land som er involvert i bistand og som eigar av dei største statlege investeringsfonda i verda?

Mafalda Duarte er administrerande direktør for det 10,5 milliardar dollar store Climate Investment Funds (CIF), eit av dei største multilaterale fonda i verda for klimatiltak i utviklingsland. Sidan ho blei utnemnd i 2014, har Mafalda hatt ansvaret for hundrevis av investeringar i rein energi og klimatiltak i 72 låg- og mellominntektsland, inkludert den største solenergiparken i verda og Sør-Amerikas første geotermiske anlegg. Under Mafaldas leiing har CIFs mandat blitt utvida til å omfatte område som utfasing av kol og rettferdig overgang til grøn økonomi. Før CIF hadde Mafalda leiande stillingar i Den afrikanske utviklingsbanken og Verdsbanken. Ho har blitt sitert i Reuters, BBC World Service, The Economist og Financial Times.

Arrangementet vil også bli strøymt live på NUPIs YouTube-kanal.

Program:

Innleiing ved Mafalda Duarte, CIF

Kommentarar og diskusjon med paneldeltakarar og publikum.

Hovedtaler og deltagere

Mafalda Duarte
CEO of the Climate Investment Funds
Dan Banik
Professor, UiO
Per Fredrik Pharo
Avdelingsdirektør, NORAD
30 mai 2022
16:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI/Livestream til Facebook og Youtube
Seminar

Temaer

  • Internasjonale investeringer
  • Utviklingspolitikk
  • Klima
  • Energi
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt