Hopp til innhold
NUPI skole
Seminar 020622 .jpg

Arrangement

Rivaliseringa mellom Kina og USA og kinesiske rakettsiloar

I fjor sommar oppdaga forskarar at Kina er i ferd med å byggje mange rakettsiloar i den kinesiske ørkenen. Ein av forskarane bak desse oppdagingane kjem til NUPI for å snakke om korleis Beijings kjernefysiske opprusting vil påverke rivaliseringa mellom Kina og USA, og dessutan strategisk stabilitet.
02 juni 2022
16:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI/Livestream til Facebook og Youtube
Seminar

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • Utenrikspolitikk
  • Asia
  • Nord-Amerika
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt

Stormaktsrivaliseringa mellom USA og Kina har dei siste åra blitt intensiverte. Denne rivaliseringa vil etter alt å dømme ha djup innverknad på mellomstatlege forhold dei neste tiåra. Tidlegare har kjernevåpen spelt ei avgrensa rolle i forholdet mellom Kina og USA, men oppdaginga av mange rakettsiloar viser at Kina har sett i verk ei stor utviding av kjernevåpenarsenalet sitt, og at kjernevåpen vill spele ei meir framståande rolle i stormaktsrivaliseringa.

Dette seminaret vil ta for seg korleis Hans Kristensen og kollegaen hans Matt Corda oppdaga Kinas rakettsiloar. Under panelsamtalen på NUPI vil Hans Kristensen, Nicola Leveringhaus og Henrik Stålhane Hiim diskutere potensielle drivarar for Kinas atomopprusting og korleis dette vil påverke strategisk stabilitet. Panelet vil også sjå på moglegheitene for rustningskontroll og eit mogleg fornya atomkappløp.

Arrangementet blir leidd av seniorforskar på NUPI, Sverre Lodgaard. Seminaret går føre seg i NUPIs lokale, men du kan også følgje oss direkte på YouTube-kanalen vår (digital deltaking krev ikkje påmelding).

Program:

Innleiing av Hans Kristensen

Kommentarar frå Nicola Leveringhaus og Henrik Stålhane Hiim

Diskusjon og spørsmål

Hans Kristensen er leiar for Nuclear Information Project ved Federation of American Scientists (FAS) i Washington, DC. Arbeidet hans fokuserer på statusen til kjernevåpen og politikken som styrer dei. Kristensen er medforfattar til World nuclear forces overview i Sipre Yearbook (Oxford University Press). Han har vore medforfattar til Nuclear Notebook sidan 2001.

Nicola Leveringhaus er Senior Lecturer ved Department of War Studies, King's College London. Ho spesialiserer seg på mellomstatlege forhold i Asia, med fokus på Kina og tryggleiken i regionen, spesielt når det gjeld kjernevåpen. I september 2016, byrja ho på Department of War Studies from Sheffield University, der ho var foreles i internasjonal politikk. Dr. Leveringhaus var tidlegare juniorforskar (2012), postdoktor ved British Academy (2012-15) og Stipendiary Lecturer in International Relations (2014-15) ved University of Oxford. Nicola fullførte sin DPhil ved St. Antony's College, University of Oxford, under rettleiing av professor Rosemary Foot. Avhandlinga hennar undersøkte det kinesiske engasjementet med global kjernefysisk orden sidan 1949.

Henrik Stålhane Hiim er førsteamanuensis ved IFS og arbeider med forskingsprosjekt knytt til kinesisk tryggingspolitikk. Han har interesse for kjernevåpenstrategi og våpenkontroll, med vekt på Kina og den koreanske halvøya. Han har doktorgrad i statsvitskap frå Universitetet i Oslo (2016) og har tidlegare vore tilsett som seniorforskar ved NUPI. Frå 2014-2015 var han tilknytta Security Studies-programmet på MIT som Stanton nuclear security fellow. Han har også vore gjesteforskar ved School of International Studies, Beijing University. Boka Strategic Assistance: China and International Nuclear Weapons Proliferation analyserer den kinesiske politikken overfor atomprogramma til Pakistan, Iran og Nord-Korea. Hans forsking er publisert i blant anna International Security, Asian Security, og Survival.

Talere

Nicola Leveringhaus
Senior Lecturer, King's College London
Hans Kristensen
Direktør, Nuclear Information Project
Henrik Stålhane Hiim
Førsteamanuensis, IFS og Seniorforsker, NUPI
02 juni 2022
16:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI/Livestream til Facebook og Youtube
Seminar

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • Utenrikspolitikk
  • Asia
  • Nord-Amerika
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt