Hopp til innhold
NUPI skole
151222-COP27.png

Arrangement

Kvar går internasjonalt klimasamarbeid etter COP27?

Tidlegare i november møttest hundrevis av politikarar, diplomatar og ekspertar i Sharm el Sheikh, Egypt, for den største årlege samlinga om klimatiltak (COP27). NUPI inviterer til eit seminar som vil presentere hovudresultata frå toppmøtet og diskutere i kva retning det internasjonale klimasamarbeidet går.
15 desember 2022
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI/Livestream til Facebook og Youtube
Seminar

Temaer

  • Klima
  • Styring
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt
  • Engelsk

MELD DEG PÅ SEMINARET HER!

COP27 markerer 30-årsjubileet for FNs klimakonvensjon (UNFCCC). I løpet av desse tretti åra har klimaregimet utvikla seg frå hovudsakleg å vere sentrerte rundt dei formelle klimaforhandlingane, til eit mangfald av klimainitiativ. Slike initiativ finn stad mellom statar og ikkje-statlege aktørar, innanfor og utanfor den formelle UNFCCC-prosessen. Ved sida av dette skiftet ser vi ei aukande spenning mellom den liberale handelsordenen og unilaterale/minilaterale klimatiltak, eksemplifisert ved EUs karbongrensejusteringsmekanisme (CBAM).

Med COP27 som bakteppe vil dette seminaret diskutere sentrale spørsmål som framgang i klimaforhandlingane, mekanismar for å akselerere nasjonale ambisjonar, moglege synergiar mellom UNFCCC og ikke-UNFCCC prosessar og korleis aukande geopolitisk rivalisering mellom Kina og USA kan påverke internasjonal klimapolitikk. Foredragshaldarar vil gi innsikt i den internasjonale konteksten som global klimapolitikk er ein del av, dei mest oppdaterte resultata av forhandlingsprosessen, og dessutan utsiktene til Europas leiarskap innan global klimapolitikk, og dei nordiske landas ambisiøse rolle blant dei europeiske landa.

Dette seminaret er eit samarbeid mellom Linköpings universitet, Stockholms universitet, Utenrikspolitiska Institutet (UI) og NUPI. Seminaret er finansiert av den svensken Energimyndigheten.

Første del av seminaret vil bli strøymd på NUPIs Facebook og YouTube-kanal.

Arrangementet varer frå 09.00 til 10.30.

09:00 - 09:10 Velkommen

Indra Øverland (NUPI)

09:10 - 09:45 Hovudtalar: Geopolitikk og klimaforhandlingane - Ei oppsummering av COP27 og konteksten for fremtidiginternasjonalt klimasamarbeid.

Robert Falkner (Professor LSE)

09:45 - 10:30 Paneldiskusjon: I kva retning går klimasamarbeidet etter COP27?

Paneldeltakarar:

Henrik Halgrim Eriksen (Chief Climate Negotiator Norway), Robert Falkner (LSE), Fariborz Zelli (Lund University) og Naghmeh Nasiritousi (Stockholm University)

Ordstyrar Kacper Szulecki (Research professor NUPI)

Hovedtalere

Robert Falkner
Professor, London School of Economics
Henrik Hallgrim Eriksen
Norges forhandlingsleder for de internasjonale klimaforhandlingene
Indra Øverland
Forsker I
Fariborz Zelli
Professor, Lund Universitet
Naghmeh Nasiritousi
Forsker, Stockholm Universitet
15 desember 2022
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI/Livestream til Facebook og Youtube
Seminar

Temaer

  • Klima
  • Styring
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt
  • Engelsk