Arrangement
Eitt nytt narrativ om Afrika
Afrika har vore i sterk vekst over det siste tiåret, og kontinentet har hatt ein gradvis, likevel ujamn, suksess med å forbetre utviklingsnivået. Likevel er det framleis ei stor utfordring for det internasjonale samfunnet å klare å bidra til å få Afrika på god veg til ei varig og balansert utvikling.
Krigen i Ukrainas påverknad i Afrika, saman med Covid-19, gjeldskriser, konfliktar og klimaendringar, fører til at fattigdomsnivået held seg høgt. Med avgrensa økonomisk diversifisering, vedvarande forskjellar, høg arbeidsløyse, demokratisk tilbakegang, mindre mattryggleik og miljøskadar, har Afrika enno ikkje fått starta på ein berekraftig utviklingsveg som kan komme alle til gode over tid.
For at Afrika skal lykkast i utviklinga si, må det internasjonale systemet fokusere meir spesifikt på dette kontinentet, og komme med meir effektive måtar for å løyse spesielle behov. Å endre narrativet om Afrika, og sjå forbi bistand og potensiell avhengnad, er essensielt for framtidig utvikling. I løpet av årets EU-AU-toppmøte uttrykte afrikanske leiarar behovet for ei endring i tankesettet frå ei donor-mottakar-tilnærming til eit som er basert på partnarskap og likebehandling.
9. mai ønskjer UNDP Norway, SUM (UiO) og NUPI deg velkommen til ein paneldebatt der vi ser nærare på spørsmål som er knytt til utfordringar rundt utvikling på det afrikanske kontinentet og behovet for eit nytt narrativ.
I panelet finn du:
Ahunna Eziakonwa, assisterande generalsekretær og leiar for Afrikabyrået i FNs utviklingsprogram (UNDP)
Morten Bøås, NUPI
Hamdi A. Mohamed, Statistisk sentralbyrå og Rethinking Economics Noreg
Ragnhild Nordås, Seniorforskar PRIO
Paneldebatten blir moderert av Dan Banik, professor og leiar for Oslo SDG Initiative ved UiO. Arrangementet blir også strøymt til NUPIs YouTube-kanal (dette krev ikkje påmelding).
BIO
Ahunna Eziakonwa, assisterande generalsekretær og leiar for Afrikabyrået i FNs utviklingsprogram (UNDP)
Ahunna Eziakonwa har mange års erfaring frå FN. Frå 2015 og 2018 var ho landssjef for FN og FN's Utviklingsprogram (UNDP). Før det fungerte ho som landssjef i Uganda og Lesotho, og hadde fleire stillingar hos FN's kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA), som sjef for Afrikaseksjonen i New York og i ei rekkje felttenestestasjonar (Liberia, Sierra Leone). Ho har også jobba for FNs avdelingar for fredsbevarande operasjonar og offentleg informasjon i New York. Før ho byrja i FN, hadde Eziakonwa ei rekkje leiande stillingar hos sivilsamfunnsorganisasjonar i Afrika. Ho har ei mastergrad I internasjonale relasjonar frå Columbia University's School of International and Public Affairs.
Morten Bøås, NUPI
Morten Bøås er forskingsprofessor ved NUPI. Han driv feltarbeid i Afrika og Midtausten. Bøås er forfattar av ei rekkje rapportar og artiklar, hans siste bøker inkluderer Africa's Insurgents: Navigating an Evolving Landscape (2017) og Doing Fieldwork in Areas of International Intervention: a Guide to Research in Closed and Violent Contexts (2020). Bøås har leidd fleire store internasjonale forskingsprosjekt, inkludert EU Horizon 2020-finansierte prosjekt EUNPACK (2016-19) og PREVEX (2020-22).
Hamdi A. Mohamed, Statisktisk sentralbyrå og Rethinking Economics Norway
Hamdi A. Mohamed jobbar i Statistisk sentralbyrå og er medlem i Rethinking Economics Norway, eit internasjonalt nettverk av akademikarar, studentar og andre med interesse for økonomi, som har som mål å fornye og berike økonomifaget ved å byggje vidare på mangfaldet av økonomiske perspektiv og tradisjonar som finst.
Dan Banik, Universitetet i Oslo
Dan Banik er professor i statsvitskap og direktør for Oslo SDG Initiative ved Centre for Development and Environment ved Universitetet i Oslo. Forskinga hans fokuserer på fattigdom, demokrati, bistand og berekraftig utvikling. Han er også tilknytta professor ved Center for Sustainable Healthcare Education (SHE) ved Det medisinske fakultetet, Universitetet i Oslo, og vert for den populære globale podkasten "In Pursuit of Development"
Ragnhild Nordås, PRIO
Ragnhild Nordås er seniorforskar ved Institutt for fredsforsking i Oslo (PRIO), og assisterande professor ved Institutt for statsvitskap ved Universitetet i Michigan. Interessefelta hennar inkluderer valdeleg konflikt og undertrykking, spesielt dynamikken i konfliktrelatert seksuell vald. Dei noverande forskingsprosjekta hennar fokuserer på seksuell vald frå statlege aktørar og rolla til demografi, kjønnsnormer og korrupsjon.