Arrangement
WEBINAR: Al-Qaidas løyndommar: «The Bin Laden Papers»
Osama bin Ladens største frykt var ikkje å bli fanga eller å døy, men at al-Qaidas løyndommar skulle bli avslørt. Med utgangspunkt i eit unikt kjeldemateriale, presenterer Nelly Lahoud i dette webinaret hovudfunn frå si nyleg utgitte bok – The Bin Laden Papers: How the Abbottabad Raid Revealed the Truth about al-Qaeda, Its leader, and His Family.
Lahoud har gjort eit djupdykk i Bin Ladens dokument og sett på al-Qaidas godt vakta løyndommar. Ho forklarer blant anna Bin Ladens planar for framtidige angrep, al-Qaidas fiendskap mot land som Saudi-Arabia, Iran og Pakistan, og førstehandmeldingar om al-Qaida frå 11. september til likvideringa av Bin Laden i 2011.
Webinaret blir leidd av Thomas Hegghammer og arrangert av Konsortiet for forsking på terrorisme og internasjonal kriminalitet.
Dette webinaret går føre seg på plattforma Microsoft Teams og varer frå 15.00 til 16.00. Ved å melde deg på øvst på denne sida, vil du få ein e-post dagen før webinaret med lenkje til direktesendinga.
Nelly Lahoud er seniorforskar ved New Americas internasjonale tryggingsprogram. Dr. Lahouds forsking har fokusert på evolusjonen og ideologien til al-Qaida og den såkalla Islamske Staten (ISIS). Ho har også publisert om kvinners rolle i al-Qaida og ISIS og bruken av musikk i medieproduksjonen i desse gruppene. Ho har ein Ph.D. frå Research School of Social Science – Australian National University.