Arrangement
Trakassering og truslar mot politikarar
Politihøgskolen og Senter for ekstremismeforsking (C-REX) har nyleg gjennomført to store spørjeundersøkingar overfor høvesvis rikspolitikarar og lokalpolitikarar. Politihøgskolen har – etter oppdrag frå Politiets tryggingsteneste – for tredje gong spurt stortingspolitikarar og regjeringsmedlemmer om erfaringane deira med hets og truslar. Denne runden er også sentralstyret i partia og ungdomspartia med i undersøkinga.
C-REX og Telemarksforskning har – etter oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet – stilt mange av dei same spørsmåla til folkevalde i kommunar og fylke. Desse undersøkingane gir oss til saman høve til å gjere samanlikningar over tid og mellom ulike kategoriar av politikarar.
Hovudbiletet er at folkevalde på alle nivå, frå lokalpolitikk til ungdomspolitikarar og opp til storting og regjering, risikerer ei uønskt belastning i form av hets og trakassering. Det mest urovekkjande funnet handlar om utviklinga over tid når det gjeld stortingsrepresentantars og statsrådars erfaringar med alvorlege tilfelle av truslar og trakassering, og kva konsekvensar dette har for privatliva deira og politiske virke.
Sjølv om færre lokalpolitikarar er utsette for alvorlege truslar, synest konsekvensane å vere desto meir alvorlege for dei som blir ramma. Begge undersøkingane viser at ein stor del av politikarar på alle nivå vurderer å trekkje seg ut av politikken eller å avstå frå å uttale seg i kontroversielle saker på grunn av belastninga med trakassering og truslar.
Rapporten Trakassering og truslar mot politikarar: Ei spørjeundersøking blant medlemmer av Stortinget, regjeringa og sentralstyra i partia og ungdomspartia finn du her.
Forskarane bak dei to prosjekta vil presentere og diskutere resultata på konsortiumseminaret, og vil sjå dette i samanheng med den breiare utviklinga av antistyresmakts-ekstremisme.
Deltakarar er Tore Bjørgo (Politihøgskolen/C-REX) og Anders Ravik Jupskås (C-REX)
Dette seminaret blir arrangert av Konsortium for forsking på terrorisme og internasjonal kriminalitet.
Vi håpar å sjå mange av dykk på NUPI 18. mars. Om du heller vil følgje oss direkte på youtube, kan du gjere det her.