Hopp til innhold
NUPI skole
290322-atom.png

Arrangement

Forbodet mot atomvåpen: Neste stopp, Wien

Avtalen om forbod mot atomvåpen (Forbudsavtalen) er meir relevant enn nokon gong. Kva kan forventast av det første statspartsmøtet til avtalen?
29 mars 2022
15:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Konflikt
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt

Vi har gleda av å invitere Ambassadør Alexander Kmentt, som er utnemnt til å leie det første statspartsmøtet, til dette arrangementet på NUPI. Han vil halde ei innleiing før Målfrid Braut-hegghammar (professor ved UiO og leiar av Oslo Nuclear Project) og Henrik Stålhane Hiim(førsteamanuensis ved IFS) gir kommentarane sine.

Forbodsavtalen tredde i kraft 22. januar 2021. Den er den første internasjonale avtalen som forbyr innehaving, bruk og utstasjonering av atomvåpen, i tillegg til ei rekkje andre aktivitetar. Det første statspartsmøtet til Forbudsavtalen, der Noreg deltar som observatør, finn stad i Wien i Austerrike sommaren 2022.

Dette seminaret tar for seg fleire tema knytt til Forbudsavtalen, inkludert dei grunnleggjande argumenta som avtalen byggjer på om dei humanitære konsekvensane av atomvåpen. Det kjem også til å sjå på nødvendigheita av å ha ein inkluderande dialog rundt avtalen og gi ei statusoppdatering på førebuingane til statspartsmøtet. Med den pågåande konflikten i Ukraina og truslane som har blitt sett fram som bakteppe, har bekymringane knytt til konsekvensane av atomvåpen blitt endå meir aktuelle.

Alexander Kmentt er ein austerriksk diplomat, utnemnt til å leie det første statspartsmøtet til Forbudsavtalen. Han leier avdelinga for nedrusting, rustningskontroll og ikkje-spreiing i det austerrikske utanriksdepartementet. Frå 2016-19 arbeidde Alexander Kmentt som ambassadør til EUs utanriks- og tryggingspolitiske komité. Han har lang erfaring innanfor nedrusting av atomvåpen, inkludert frå Nedrustningskonferansen i Genève (CD) og Organisasjonen for prøvestansavtalen (CTBTO) i Wien. Han er ein av hovudmennene bak det humanitære initiativet og Forbudsavtalen. I 2019-20 var han seniorforskar ved King's College i London, der han skreiv boka The Treaty Prohibiting Nuclear Weapons: How it was achieved and why it matters (Routledge 2020).

Arrangementet blir leidd av seniorforskar på NUPI, Sverre Lodgaard. Seminaret går føre seg i NUPIs lokale, men du kan også følgje oss direkte på YouTube-kanalen vår her. Det vil dessverre ikkje vere mogleg å sjå arrangementet i opptak i etterkant.

 

Program:

Innleiing av Alexander Kmentt

Kommentarar frå Målfrid Braut-hegghammar og Henrik Stålhane Hiim

Diskusjon og spørsmål

Talere

Alexander Kmentt
President-designate of the First Meeting of States Parties to the TPNW and Director of the Disarmament, Arms Control and Non-Proliferation Department of the Austrian Foreign Ministry
Målfrid Braut-Hegghammer
Førsteamanuensis, Institutt for Statsvitenskap ved UiO
Henrik Stålhane Hiim
Førsteamanuensis, IFS og Seniorforsker, NUPI
29 mars 2022
15:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Konflikt
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt