Arrangement
Europa, Noreg og Ukraina-krisa
Den russiske invasjonen av Ukraina har ført Europa ut i ei akutt krise. Situasjonen har alvorlege følgjar for tryggleik i regionen, inkludert i Noreg, men han har også like alvorlege økonomiske og humanitære følgjar. Vi kan også forvente at krisa påverkar integrasjon og samarbeid i heile Europa og i EU.
Saman med NHO har vi gleda av å ønskje Mark Leonard velkommen til eit ope arrangement på NUPI. Han Han er medstiftar og leiar av tankesmia European Council of Foreign Relations (ECFR), og forfattar av boka The Age of Unpeace: How Connectivity Causes Conflict, som gir viktig innsikt som er svært relevant for dagens situasjon.
Sentrale spørsmål vi stiller oss denne dagen er:
Kva betyr krigen i Ukraina for tryggleik i Europa og Noreg, både på kort og lang sikt?
Kva betyr det for økonomien vår, handel og for næringslivet? Korleis vil sanksjonane påverke oss?
Korleis kan Europa handtere den kommande humantiære krisa?
Kva vil det bety for europeisk integrasjon, samarbeid og politisk utvikling? Korleis bør Noreg posisjonere seg?
Program:
Velkommen, Tore Myhre, internasjonal direktør, NHO
Introduksjon, Mark Leonard, direktør, ECFR
Kommentar, Ulf Sverdrup, direktør, NUPI
Dialog og diskusjon mellom Mark Leonard og Ulf Sverdrup med spørsmål frå publikum. Lir av Tore Myhre.
Arrangementet går føre seg i NUPIs lokale, men det vil også vere mogleg å følgje seminaret direkte på NUPIs youtube-kanal her utan å registrere seg.