Hopp til innhold
NUPI skole
urix-konf-22.jpeg

Arrangement

AVLYST: Norsk utanrikspolitisk konferanse 2022: Krig i Europa – kva betyr det for Noreg og Norden?

På grunn av koronasjukdom hos Finlands president Sauli Niinistö og etterfølgjande avlysing av offisielt noregsbesøk, må vi dessverre avlyse Norsk utanrikspolitisk konferanse 2022.
21 april 2022
11:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk og norsk
Universitetets aula
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Internasjonal økonomi
  • Utenrikspolitikk
  • Norden
  • Konferanse
  • Fysisk og digitalt
  • Engelsk og norsk

Krigen i Ukraina får store følgjar for Europa: Tryggingspolitikken blir tenkt igjennom på nytt, europeisk økonomi blir påverka av stigande prisar på varer, mat og energi og merkar også dei omfattande sanksjonane mot Russland. Flyktningstraumen frå Ukraina er enorm, med uvisse konsekvensar for landa omkring. 

Dette er bakgrunnen for Norsk utanrikspolitisk konferanse 2022. Vi undersøkjer kva for nokre tryggingspolitiske konsekvensar krigen i Ukraina har for Europa og dei nordiske landa spesielt, og spør korleis Norden skal ta omsyn til Russland i tida framover. Vi ser også nærare på dei økonomiske konsekvensane av krigen og på korleis Europa skal takle desse saman med andre store økonomiske utfordringar. Vi diskuterer også kva for nokre utanrikspolitiske vegval Noreg står overfor i denne situasjonen.

Sjå konferansen live her:

Viktig informasjon:

Del 1 av programmet vil gå føre seg på engelsk, i tillegg til første del av del 3. Resten av programmet vil gå føre seg på nordiske språk (norsk, dansk og svensk).

 Vi ønskjer å engasjere publikum og inviterer til å stille spørsmål til talarar og paneldeltakarar. Vi vil også prøve å ta opp så mange av desse som mogleg. På grunn av storleiken på salen vil vi bruke verktøyet Mentimeter. Bruk QR-koden under og still spørsmål med mobilen:

På grunn av høgnivådeltakarane i første del av konferansen vil vi ha strengare tryggingstiltak enn vanleg på NUPIs arrangement. Det er derfor viktig at alle deltakarar møter opp tidleg. Registreringa opnar kl. 08.00. Dørene stengjer kl. 08.45.

Ytterlegare informasjon om tryggingssjekk, garderobe, mat og drikke blir send direkte til alle påmelde ein dag eller to før konferansen.

Les også:

PODKAST: Krig i Europa – Kva skjer med Nordens forsvars- og tryggingspolitikk?

Første del av konferansen vil vere på engelsk, resten vil gå føre seg på norsk.

21 april 2022
11:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk og norsk
Universitetets aula
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Internasjonal økonomi
  • Utenrikspolitikk
  • Norden
  • Konferanse
  • Fysisk og digitalt
  • Engelsk og norsk