Hopp til innhold
NUPI skole
190822-norsk-klima-paris.png

Arrangement

AVLYST! Norsk klima- og utanrikspolitikk etter Parisavtalen

Dette arrangementet er dessverre avlyst.
19 september 2022
09:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Norden
  • Klima
  • Norsk
  • Seminar
  • Fysisk

Klima er eit globalt problem som krev internasjonale løysingar, så vel som nasjonal omstilling. Kvar ligg den norske klima- og utanrikspolitikken etter Paris?

Klima er eit globalt problem som krev internasjonale løysingar. Under Kyotoforhandlingene var koplinga mellom klima og utanrikspolitikk tydeleg, ettersom formålet var å utvikle forpliktande internasjonale mekanismar for utsleppsreduksjon mellom land, gjerne i form av ein internasjonal karbonmarknad. Med Parisavtalen flytta tyngdepunktet i klimapolitikken seg frå dei internasjonale klimaforhandlingane til det nasjonale nivået, og med dette har også utanrikspolitikken komme meir i bakgrunnen. Vi ser dette til dømes med utfasing av oljeproduksjon som handlar om nasjonale konsekvensar for arbeidsplassar, utvikling av støtteordningar for omstilling av norsk industri, og overgang til el-bilar for å sikre reinare luft i norske byar. Kva er koplinga mellom klima- og utanrikspolitikken etter Paris?

Utgangspunktet for dette seminaret er at Noregs utanrikspolitikk i aukande grad må ta omsyn til omstilling i Noreg og blant Noregs samarbeidspartnarar (eller fråvær av denne). Dette kjem til uttrykk gjennom blant anna Noregs internasjonale omdømme, posisjonering av norsk industri i nye grøne verdikjeder, og Noregs stadig tettare kopling til EU. Kva for nokre nye utfordringar og moglegheiter gir dette for norsk utanrikspolitikk? I dette seminaret ønskjer vi å diskutere norsk klima- og utanrikspolitikk etter Paris, og samlar bidragsytarar frå det nylege publiserte fokusnummeret i Internasjonal Politikk og andre ekspertar på klima og norsk utanrikspolitikk for å diskutere dette.

Hovedtalere

Elisabeth L. Rosvold
Tidligere ansatt
Ida Dokk Smith
Seniorforsker
Lars H Gulbrandsen
Forskningssjef, klima og energi, FNI
19 september 2022
09:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Norden
  • Klima
  • Norsk
  • Seminar
  • Fysisk