Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

WEBINAR: Nagorno-Karabakhs reforhandling av støtte etter krigen i 2020

I fjor haust, i løpet av nokre få veker, mista Nagorno-Karabakh-armenarane to tredelar av territoriet dei hadde kontrollert sidan 1994. Til slutt var det berre russisk innblanding som stoppa ei full gjeninnlemming av Nagorno-Karabakh i Aserbajdsjan. Korleis har dette påverka regionale maktforhold?
03 desember 2021
10:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Livestream til Facebook og Youtube
Seminar

Temaer

  • Engelsk
  • Seminar
  • Digital

Krigen i Nagorno-Karabakh i 2020 resulterte både i store territorielle tap for Karabakh-armenarane, og i utplassering av russiske fredsbevarande styrkar. Korleis har den svekte posisjonen til Karabakh-armenarane påverka forholdet mellom regionale leiarar i Nagorno-Karabakh og dei armenske støttespelarane deira? Og korleis har utfallet påverka forholdet til Russland, som no forsyner ikkje berre Armenia, men også Nagorno-Karabakh med tryggingsgarantiar?

Såkalla patronstatar ("vernartater") som sørgjer for tryggingsgarantiar og økonomisk støtte, speler ei viktig rolle i etableringa av dei fleste de facto-statar: dei yter militær støtte som sikrar separatistane de facto sjølvstende og dei hjelper til i den etterfølgjande statsbyggingsprosessen. Men kva skjer når ein lid eit militært nederlag samtidig som utsiktene for internasjonal anerkjenning verkar stadig fjernare? Korleis blir forholdet reforhandla mellom klient, patron og ei potensiell ny patron?

Nina Caspersen er professor i statsvitskap og instituttleiar ved Universitetet i York, Storbritannia.

Hovedtaler

Nina Caspersen
Professor i statsvitenskap og instituttleder ved Universitetet i York
03 desember 2021
10:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Livestream til Facebook og Youtube
Seminar

Temaer

  • Engelsk
  • Seminar
  • Digital