Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Virtuell boksamtale: Kva rolle speler økosystem for klimatryggleik?

Matt McDonald har foreslått eit radikalt nytt etisk rammeverk for å takle klimakrisa på ein rettferdig måte. På dette arrangementet diskuterer han dette rammeverket, og korleis det kan sjå ut i praksis.
14 september 2021
12:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Microsoft Teams
Seminar

Temaer

  • Klima
  • Energi
  • Hav
  • Styring
  • Internasjonale organisasjoner
  • FN
  • Seminar
  • Engelsk
  • Digital

FNs klimapanel sleppte den sjette vurderingsrapporten sin i august. Oppsummeringa av forskinga på korleis menneskja påverkar klimaendringar, og moglege scenario for klima i framtida, gav den krassaste åtvaringa nokosinne om kva slags dyster framtid som er i vente for planeten og vi som folkeset han dersom vi ikkje kuttar forbruket av fossile energikjelder. Som FNs generalsekretær António Guterres understreka signaliserte rapporten «kode raud for menneskja».

Dette er bakteppet når NUPI ønskjer Matt McDonald velkommen for å diskutere hans nyaste bok, Ecological Security: Climate Change and the Construction of Security (Cambridge University press). Den aktuelle boka byr på eit radikalt og usedvanleg omfattande normativt rammeverk – «an ecosystem security approach» – for å rettleie forsøka på å avgrense og tilpasse oss klimaendringane. Ifølgje McDonald gir denne ei overlegen tilnærming til dei som arbeider med ein politisk klimatryggingsdagsorden 

Over sju kapittel bevegar denne boka seg i tre steig. Først gjer den ein analyse av dominerande klimasikkerhetdiskurser og manglane deira. Deretter presenterer han eit etisk case for økosystemtryggleik, for så å utforske dei ibuande moglegheitene som finst i eksisterande institusjonar når det gjeld å utvikle økologisk tryggleik i praksis. I kvart steig trekkjer McDonald vekslar på ei eklektisk samling av kritisk litteratur og bruker mykje plass på å engasjere også skeptikarane. McDonalds bok byr på ein kraftprestasjon og ein modell for korleis ein kan kombinere klassisk kritikk av status quo med ein positiv normativ visjon, og ganske så uvanleg, ein gjennomført analyse av korleis denne kan setjast ut i livet.

Matt McDonald er førsteamanuensis i internasjonale relasjonar School of Political Science and International Studies, University of Queensland. Han er ein leiande akademikar innan global miljøpolitikk og kritiske tryggingsstudiar. Han er forfattar av bøkene Security, the Environment and Emancipation (Routledge, 2012) og Ecological Security (Cambridge UP, 2021), og dessutan medforfattar (saman med Anthony Burke and Katrina Lee-Koo) av Ethics and Global Security (Routledge, 2014). McDonald jobbar for tida med eit prosjekt som samanliknar nasjonal respons på tryggingsimplikasjonane av klimaendringar (finansiert av Australias forskingsråd).

Hovedtaler

Matt McDonald
Associate Professor, International Relations, School of Political Science and International Studies, University of Queensland
14 september 2021
12:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Microsoft Teams
Seminar

Temaer

  • Klima
  • Energi
  • Hav
  • Styring
  • Internasjonale organisasjoner
  • FN
  • Seminar
  • Engelsk
  • Digital