Arrangement
Sahel - Sårbare statar, konflikt og klima
Sårbare statar, konflikt og klimaendringar set norsk bistand til utvikling og styresett på prøve. Ingen stader er desse utfordringane tydelegare enn i Sahel-regionen som består av nokre av verdas fattigaste og mest sårbare statar. Korleis er situasjonen i Sahel i dag og korleis kan Noreg bidra betre til å handtere utfordringane som desse landa står i?
I lys av dette inviterer vi til debatt og samtale om korleis Noreg og det internasjonale samfunnet kan respondere betre og meir effektivt på utfordringane i Sahel. Deltakarar er Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein, Kari Helene Partapuoli (Plan Norge), Dagfinn Høybråten (Kirkens Nødhjelp) og Titus Tenga (Strømmestiftelsen). Arrangementet blir leidd av NUPI forskar Morten Bøås.