Arrangement
Parlamentsvalet 2021 – eit vindauge inn mot russisk politikk
Vala finn stad i ein kontekst av stigande prisar og tiltakande økonomisk stagnasjon, noko som bidrar til ein atmosfære av folkeleg frustrasjon og stigande uro omkring framtid og levekår. Dei kortsiktige politiske implikasjonane av denne utviklinga er urovekkjande for Kreml. Dei hardast ramma gruppene kan tenkjast enten å stemme på kommunistpartiet, eller ikkje å stemme i det heile. Dermed står Kreml ovanfor ei dobbel utfordring: På den eine sida må ein forhindre at kommunistpartiet mobiliserer, på den andre sida må Kreml sørgje for at dei som er tilbøyeleg til å støtte regimet, faktisk går til valurnene.
Kva har vore dei viktigaste strategiane til Kreml for å vareta dominansen til maktpartiet i Statsdumaen? Dette seminaret vil utforske den autoritære verktøykassen og dei moglegheitene i den som Kreml nyttar seg av for å vareta politisk status quo.
Webinaret blir arrangert som ein del av prosjektet «Verdibasert regimelegitimering i Russland».
Gulnaz Sharafutdinova er professor i statsvitskap ved King's College London. Sharafutdinova forskar på komparativ politikk og politisk økonomi med fokus på Russland. Hennar seinaste bok, The Red Mirror: Putin's Leadership and Russia's Insecure Identity (Oxford University Press 2020), undersøkjer Putins leiarskapstrategi og utforskar korleis teoriar om sosial identitet kan klargjere suksessen hans.