Arrangement
Kva rolle speler teknologi i valdeleg ekstremisme og terrorisme?
I dette webinaret ser vi nærare på rolla til teknologien i valdeleg ekstremisme og terrorisme. Trass i ei aukande mengde bevis som tyder på at internett er ein sentral legg til rette for valdeleg ekstremisme, har forskinga på dette området sjeldan inkorporert tidlegare ekstremistars erfaringar med internett. Webinaret vil klargjere samspelet mellom internett og valdeleg ekstremisme, spesielt retta mot interaksjonane mellom tidlegare kanadiske høgreekstremistars erfaringar online og offline, i tillegg til involveringa deira i høgreekstreme rørsler. Vi vil deretter diskutere funna frå Global Network on Extremist and Technology nylege utgitte rapport som omfattar datakommunikasjon i ekstremisme og engasjementet til forskingsmiljøet for teknologibransjen. Funna i rapporten avslører at det er stor semje i forskingsmiljøet om at internett mogleggjer støtte, oppmuntring og mobilisering til skade. Likevel er diskusjonen rundt rolla til teknologien i valdeleg ekstremisme kompleks og omstridd.
Webinaret blir arrangert av Konsortium for forsking på terrorisme og internasjonal kriminalitet.
Lydia Khalil er forskar ved West Asia programmet knytt til Lowy Instituttet og leier Lowy Instituttets partnarskap med Global Network on Extremism & Technology.
Ho har lang erfaring innan policy-utforming, akademia og privat sektor og ho har retta karrieren sin mot skjeringspunktet mellom styresett, teknologi og tryggleik. Khalil er i tillegg direktør for Arcana Partners, forskarkandidat ved Deakin Universitetets Alfred Deakin Institutt og forskar ved Center for Reseilient & Incluisve Societies.
Khalil har bakgrunn innan politikk, internasjonale relasjonar og tryggleik, med hovudfokus på USAs nasjonale tryggingspolitikk, politikk i Midtausten, kontraterror og etterretning. Ho har tidlegare erfaring som forskar ved Council on Foreign Relations i New York, der ho analyserte trendar innan politikk og tryggleik i Midøsten. Ho har også jobba som politisk rådgivar for det amerikanske forsvarsdepartementet i Irak og som forskar ved Australian Stratgeic Policy Institute og Macquarie Universitetet, med spesialisering innan etterretning, nasjonal tryggleik og cyber.
Khalil har omfattande erfaring innan nasjonal tryggleik og rettshandheving, som seniorrådgivar for Boston Police Department. Ho har i tillegg jobba som analytikar innan kontraterror for New York Police Department. Khalil er ein hyppig mediekommentator og har publisert mykje om sine ekspertiseområde. Ho har ei bachelorgrad i internasjonale relasjonar frå Boston College og ei mastergrad i internasjonal tryggleik frå Georgetown universitetet.
Ryan Scrivens er universitetslektor ved School of Criminal Justice, Michigan University.
Han er i tillegg assisterande direktør/visedirektør/underdirektør ved International CyberCrime Research Center i tilknyting Simon Fraser Universitetet og stipendiat ved VOX-Pol Network of Excellence. Scrivens jobbar med tverrfagleg forsking med søkjelys på lokal, nasjonal og internasjonal terrorisme, valdeleg ekstremisme og hatefulle ytringar på internett.
Forskinga hans er finansiert av Public Safety Canada, Canadian Network for Research on Terrorism, Security and Society og VOX-pol og han har presentert forskingsfunna sine både for det britiske innanriksdepartementet, Totalförsvarets forskingsinstitutt (FOI) og FN.
Vivek Venkatesh er doktorgradsstipendiat og forskar på motstandskrafta og toleransen i samfunnet mot hat gjennom ei resolutt pedagogisk tilnærming.
Venkatesh er medleiar i UNESCOs Prevention of Radicalisation and Violent Extremism (UNESCO-PREV), leiar for UNESCOs nettverk i Canada og direktør for Center for Study of Learning and Performance (CSLP) ved Concordia Universitetet i Montreal, der han i tillegg er professor i inkluderande praksis i biletkunst ved fakultetet for kunst. Venkathes sitt arbeid for å fremje toleranse og ikkjevald tar ulike former, under dette gjennom digitale kurs, multimediaportalar, læreplanar, spelefilmar, dokumentarar og musikk.
Han har blitt tildelt nærare 7 millionar dollar (CAD) i ekstern finansiering, publisert ei rekkje vitskaplege artiklar og framført på festivalar, kunstinstallasjonar og konsertarrangement.