Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Kva rolle speler kjønn i radikaliseringsprosessar?

Dette seminaret tar for seg både høgreekstremisme og islamistisk ekstremisme, når vi ser nærare på kva betydning kjønn har for menneskes vegar inn og ut av valdeleg ekstremisme.
05 august 2021
17:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Microsoft Teams
Seminar

Temaer

  • Terrorisme og ekstremisme
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt

Kvinner og barns erfaringar i den såkalla Islamske Staten (IS) og vestlege statars tilnærming til returen deira, rehabilitering og reintegrering har fått mykje merksemd i det siste. Samtidig blir ofte oversett kjønnsaspekt i desse og andre individs radikaliseringsprosessar. Det er framleis eit ope spørsmål akkurat kva betydning gender – kjønn og ‘kjønnethet' – har for menneskes vegar inn og ut av valdeleg ekstremisme.

I dette seminaret diskuterer Brown dette og andre relaterte spørsmål i lys av forskinga si på rolla kjønn og gender mainstreaming kan spele både i radikaliseringsprosessar og kampen mot valdeleg ekstremisme. Ho forklarer omgrepet gendered radicalisation og korleis dette gjer det lettare å forstå korleis ulike faktorar speler inn i vegen inn mot valdeleg ekstremisme og kvifor dette kan vere ulikt for kvinner og menn. Seminaret tar for seg både høgreekstremisme og islamistisk ekstremisme, og ser på korleis vegane inn og ut av slike miljø kan vere sterkt ‘kjønna' for ulike individ. Ho argumenterer for at tiltak mot valdeleg ekstremisme må ta høgde for dette ved å basere seg på lokaliserte og kjønsbaserte forståingar.

Seminaret er leidd av Eviane Leidig og er arrangert av Konsortiet for forsking på terrorisme og internasjonal kriminalitet.

Hovudtalars bio:

Kathrine Brown er forskar i islamstudium ved Univeristy of Birmingham. Forskinga hennar plasserer seg i skjeringspunktet mellom religion, kjønn og valdeleg ekstremisme. Brown er forfattar av boka Gender, Religion, Extremism: Finding women in anti-radicalisation (2020) og medforfattar av boka Countering Violent Extremisme: Making Gender Matter (2021). Ho har lenge jobba som konsulent i UN Women, NATO, EU og er ofte ekspertvitne i rettsaker som omhandlar kvinner og barn med tilknyting til terrorisme og valdeleg ekstremisme.

Hovedtaler

Katherine Brown
Professor, University of Birmingham

Møteleder

Eviane Leidig
Forsker, International Centre for Counter-Terrorism
05 august 2021
17:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Microsoft Teams
Seminar

Temaer

  • Terrorisme og ekstremisme
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt