Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Koronapandemien og regimelegitimitet i Putins Russland: Eit biopolitisk perspektiv

Russland set stadig nye rekordar i talet på koronarelaterte dødsfall. Pandemien har sett medisinske kunnskapar i sentrumet til politikken verda rundt og Russland er ikkje noko unntak. Dagens debatt i Russland blir prega av eit nytt medisinsk styringsregime, og noko vi kanskje kan kalle «pandemiautoritarianisme».
12 november 2021
10:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
C.J. Hambrosplass 2 D / Livestream til Facebook og Youtube
Seminar

Temaer

  • Russland og Eurasia
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt

Erfaringa frå dei siste to åra med pandemihandtering har vist at Vladimir Putin stort sett distanserer seg frå direkte krisehandtering og er lite lysten på å innta politisk kontroversielle standpunkt – til dømes knytt til vaksinasjon. Den tyske politiske tenkjaren Carl Schmitt definerte i si tid suverenitet som makta til å bestemme over unntakstilstanden. I møte med pandemien synest likevel Kreml å bryte med Schmitts tankar om suveren makt. Der pandemien kanskje kunne fungert som ei årsak til å overskride lovverket, har det russiske regimet i staden valt ei teknokratisk tilnærming. Heller enn å behandle koronapandemien som ei eksepsjonell krise, ser det ut til at regimet er interessert i å ta grep som «normaliserer» den medisinske unntakstilstanden.

Teknokratisk politikk basert på medisinske kunnskapar kan stå fram som ikkje-politisk og ufarleg, men på sikt kan det tenkjast at Covid-19 bidrar til ei ytterlegare innstramming av det stadig meir autoritære systemet for kontroll og overvaking i dagens Russland. På den andre sida finst det også ei moglegheit for at pandemien kan bidra til framveksten av regimekritiske haldningar i det russiske samfunnet.

Innleiar: Andrey Makarychev, professor, Johan Skytte instituttet for politiske studiar, Tartu universitet.

Hovedtaler

Andrey Makarychev
Professor, University of Tartu

Møteleder

Tora Berge Naterstad
Former employee
12 november 2021
10:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
C.J. Hambrosplass 2 D / Livestream til Facebook og Youtube
Seminar

Temaer

  • Russland og Eurasia
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt