Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Korleis styrer jihadistiske opprørarar?

Jihadistiske opprørarar blir ofte framstilte som «islamske terroristar», som oppnår måla sine ved å bruke brutal makt mot sivilbefolkninga. Men er dette biletet eigentleg dekkjande for korleis slike grupper styrer territorium og befolkningar? Det ser vi nærare på i dette seminaret.
22 juni 2021
11:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Microsoft Teams
Seminar

Temaer

  • Terrorisme og ekstremisme
  • Konflikt
  • Opprørsgrupper
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk

Korleis jihadistiske opprørarar i Sahel-regionen styrer blir sjeldan studerte i den akademiske litteraturen. Dei har ofte blitt framstilte som «islamske terroristar», som oppnår måla sine ved å bruke brutal makt mot sivilbefolkninga og som finansierer aktivitetane sine gjennom kriminelle nettverk. Nyare forsking viser likevel eit anna bilete. På dette seminaret presenterer Natasja Rupesinghe funn frå sin nyleg publiserte rapport som blant anna tar for seg korleis jihadistiske opprørarar, som andre opprørsgrupper, bruker ei rekkje strategiar for å styre territorium og befolkningar. Måten slike grupper styrer på skil seg ikkje berre mellom land, men også internt i land innanfor same gruppe.

Rupesinghe vil illustrere sakskomplekset ved å framheve døme som klargjer forskjellane i strategiane nytta av jihadistar i høvesvis nord- og sentral-Mali. I nord-Mali har ein koalisjon av jihadistiske grupper assosiert med al-Qaeda utvikla ein strategi forma ut på territoriell kontroll i 2012-2013. I sentral-Mali har jihadistiske grupper tatt i bruk ein strategi i motsett retning med fjernleiing ved å etablere sosial kontroll, avgrensa vern av sivile og innføring av versjonen deira av sharia. I tillegg vil Rupesinghe snakke om den pågåande forskinga hennar på feltet og reflektere rundt forslag til vidare forsking.

Hovudtalars bio:

Natasja Rupesinghe er forskar i forskingsgruppa for fred, konflikt og utvikling. Ho er også doktorgradsstipendiat ved Nuffield College, University of Oxford der ho er tilknytta T. E. Lawrence Program on the study of conflict. Rupesinghes forskingsinteresser er væpna konfliktar, borgarkrig, politisk vald, sivil motstand og vern av sivile. Ho er også interessert i korleis statar og internasjonale organisasjonar gjennomfører fredsoperasjonar og anti-terror operasjonar. Rupesinghes doktorgradsprosjekt handlar om jihadistiske opprørsgrupper i Sahel- regionen i Vest-Afrika med feltarbeid i Mali, Burkina Faso og Niger, og er ein del av eit NUPI-leidd forskingsprosjekt kalla «Jihadistisk styring i Sahel (JIGOV-Sahel).»

Seminaret blir leidd av seniorforskar Morten Bøås, og blir arrangert av Konsortium for forsking på terrorisme og internasjonal kriminalitet, i samarbeid med det NFR-støtta prosjektet Jihadistisk styring i Sahel (JIGOV-Sahel).

Hovedtaler

Natasja Rupesinghe
Tidligere ansatt
22 juni 2021
11:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Microsoft Teams
Seminar

Temaer

  • Terrorisme og ekstremisme
  • Konflikt
  • Opprørsgrupper
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk