Arrangement
EUs grøne giv – implikasjonar for norsk europapolitikk
Om seminaret:
På dette seminaret ønskjer vi å setje fokus på EUs Green Deal som blei lansert i 2019. Dette er ein klimastrategi for å nå måla i Parisavtalen, men også ein økonomisk vekststrategi. Dette er ein omfattande og ambisiøs plan som er forventa å definere EUs sentrale prioriteringar i åra framover. Noreg er tett kopla til EU via EØS-avtalen og ei lang rekkje andre avtaler, under dette Klimaavtalen som definerer rammene for norsk klimapolitikk fram mot 2030. Når EU endrar måla sine og sin virkemåte, så vil dette også påverke Noreg i stor grad. Ein ny NUPI-rapport prøver å gi svar på kva konsekvensar vi kan vente oss. På dette europaseminaret ønske vi å diskutere konklusjonane i denne rapporten.
Bidragsytarar:
Ole Jacob Sending er forskingssjef på NUPI. Han forskar på global styring, med særleg fokus på internajonale og ikkje-statlege organisasjonars rolle i fredsbygging, humanitær bistand og utvikling. Sending har publisert i blant anna International Studies Quarterly, European Journal of International Relations og International Theory.
Catherine Banet (Ph.D) er førsteamanuensis ved Nordisk Institutt for Sjørett, Avdeling for energi- og ressursrett, det juridiske fakultetet, Universitetet i Oslo. Bana er anerkjent ekspert på EUs energipolitikk. Ho arbeider primært innan energirett, miljørett, statsstøtterett, EU/EØS-rett og havrett. Ho har publisert bøker, tidsskriftartiklar og rapportar, og er ein aktiv forelesar og foredragshaldar på desse områda. Bana har 18 års arbeidserfaring med bakgrunn frå advokatverksemd, akademia, og internasjonale institusjonar (Europakommisjonen, USA ambassaden). Ho er medlem av Advisory Academic Group (AAG) til den International Bar Association (IBA), Section on Energy, Environment and Infrastructure Law (SEERIL). Ho er visedirektør til North Sea Energy Law Partnership (NSELP) som tilbyr LL.M grad i energirett. Bana er Academic Research Fellow på Centre on Regulation in Europe (CERRE) og knytte til forskingsprosjekt på Fridtjof Nansen Institute (FNI).
Kjetil Elsebutangen er spesialrådgivar i Utanriksdepartementet og koordinator for Noregs arbeid med EUs Grønne Giv. Han har hatt ei rekkje jobbar i UD, m.a. i Utenriksministerens sekretariat og som kommunikasjonsrådgivar og konstituert kommunikasjonssjef, og har tidlegare jobba som journalist i Dagsavisen.
Program:
- Presentasjon av rapporten "EUs grøne giv – implikasjonar for norsk europapolitikk" ved Ole Jacob Sending
- Kommentarar ved Catherine Banet og Kjetil Elsebutangen
- Diskusjon og spørsmål frå publikum