Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

De Facto-statar og lands-for-fred avtaler: territorium og anerkjenning på kollisjonskurs?

Suverenitetskonfliktar er uunngåeleg knytt til geografi. Kan det finnast geografiske løysingar på konfliktar mellom dei som kjempar for sjølvråderett og dei som vil bevare integriteten til staten?
05 oktober 2021
14:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
C.J. Hambrosplass 2 D / Livestream til Facebook og Youtube
Seminar

Temaer

  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt

Kan det finnast geografiske løysingar på lausrivingskonfliktar som er i spenningsfeltet mellom prinsippet om nasjonal sjølvråderett (som de facto statane forsvarer) og prinsippet om territoriell integritet (som blir forsvart av dei statane som de facto statane har lausrive seg frå)? 

Lands-for-fred avtaler er forhandla overeinskomstar der verdien de facto staten tillegg det territoriet som han må oppgi og freden han kan oppnå blir vege opp mot verdien som den internasjonalt anerkjende staten set på det territoriet han skal få tilbakeført saman med verdien av at det er blir fred oppnådd. Sjølv om vurderingane til partane av desse forholda i dag kanskje ikkje let seg sameine med ein lands-for-fred avtale, er det viktig å undersøkje under kva omstende territorielle justeringar kan bidra til å skape fred. 

På seminaret vil vi sjå nærare på moglegheita av lands-for-fred avtaler i fire låste de facto stat-konflikter: Kosovo-Serbia, Nagorno-Karabakh-Aserbajdsjan, Nord-Kypros-republikken Kypros og Abkhasia-Georgia. Ein slik gjennomgang er på sin plass, sidan det i seinare tid har skjedd viktige endringar i korleis både forskarar og statar ser på fredsavtalar som ikkje byggjer på territoriell integritet, men er baserte på territorielle avståingar. Det internasjonale samfunnet, som  tradisjonelt har hatt ei sterkt konservativ haldning når det gjeld å halde oppe eksisterande grenser, ser ut til å gå gjennom djuptgripande haldningsendringar.

Eiki Berg er professor i internasjonale relasjonar ved Tartu Universitet, Estland. Han har publisert ei rekkje artiklar om kritisk geopolitikk, territorielle spørsmål og grensepraksisar, og om ulike aspekt ved de facto stat-dynamikk.

Hovedtaler

Eiki Berg
Professor, Johan Skytte Institute
05 oktober 2021
14:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
C.J. Hambrosplass 2 D / Livestream til Facebook og Youtube
Seminar

Temaer

  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt