Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Blanda signal: Kva seier Putin om likestilling?

Blant russlandsforskarar er det ei utbreidd oppfatning om at Putin gradvis har gått i ei meir konservativ retning, særleg når det gjeld kjønnsspørsmål. Men har han eigentleg det, når vi ser nærare på den russiske presidentens eigen retorikk?
27 mai 2021
14:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Microsoft Teams
Seminar

Temaer

  • Europa
  • Russland og Eurasia
  • Menneskerettigheter
  • Styring
  • Engelsk
  • Seminar
  • Digital

Sjå heile webinaret her:

Ei utbreidd oppfatning blant russlandsforskarar er at president Vladimir Putin gradvis har blitt ein meir konservativ, tradisjonalistisk orientert politikar, spesielt når det gjeld kjønnsspørsmål. Lovendringar og politikk som speglar ei slik “konservativ dreiing” inkluderer “loven mot homoseksuell propaganda” frå 2013 og innføringa av “fødselskapital” i 2006. Men speglar Putins eigen retorikk om kjønn og likestilling denne konservative trenden?

For å forstå dette ideologiske skiftet betre, har vi gått gjennom to tiår med Putins årlege talar til parlamentet, taler som er retta inn mot eit breitt heimepublikum. Her finn vi at mens Putin gradvis snakkar mindre om likestilling, er det ikkje noko tilsvarande skifte i retning av ein eksplisitt konservativisme. Snarare er det slik at det kjønnsstereotypiske / sovjetisk-influerte synet som heile tida har dominert Putins utsegner om kjønnsrelaterte spørsmål, har fått meir plass. Putins differensierte bodskapar når det gjeld likestilling utgjer ein viktig del av legitimeringsstrategien til regimet, som inneber å balansere dei potensielt motstridande interessene til elitane og ulike veljargrupper.

På grunn av tekniske utfordringar vil ikkje alle få ein stadfestingse-post etter påmelding. Du er likevel registrert i systema våre og kan delta på arrangementet.

Webinaret blir arrangert som ein del av prosjektet «Verdibasert regimelegitimering i Russland».

Speakers bio:

Valerie Sperling er professor i statsvitskap ved Clark University. Forskinga hennar ligg hovudsakleg i skjeringspunktet mellom russisk politikk og kjønnsstudiar. Ho er forfattar av den premierte boka Sex, Politics & Putin: Political Legitimacy in Russia (Oxford University Press, 2015) og medforfattar av Courting Gender Justice: Russia, Turkey, and the European Court of Human Rights (Oxford University Press, 2019).

Vil du få invitasjonar til seminar, analysar og ny forsking rett i e-postboksen? Meld deg på NUPIs nyheitsbrev her!

Hovedtalere

Valerie Sperling
Professor, Department of Political Science, Clark University
27 mai 2021
14:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Microsoft Teams
Seminar

Temaer

  • Europa
  • Russland og Eurasia
  • Menneskerettigheter
  • Styring
  • Engelsk
  • Seminar
  • Digital